Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Start 4H med haustfest og jubileumsmarkering

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. oktober 2017

Start 4H i Todalen arrangerte laurdag haustfest nr 50 og markerte samtidig 50-årsjubileet for klubben under haustfesta i Todalen skule.  Sjølv om haustfesta denne gongen konkurrerte med Sirkus SuSu i Idrettshallen samla dei bra med folk til fest og jubileumsfeiring.

Torill Sandnes overrekte diplom og gåve frå fylkeslaget til leiaren i start 4H, Sindre Bruset. Foto: Jon Olav Ørsal

Spesielt artig var det at Torill Sandnes som har vore 4H-konsulent i Møre og Romsdal 4H, og som no er pensjonist, kom for å representere fylkeslaget og delte ut diplom og merker til dei 8 medlemane som hadde fullførst oppgåvene sine. I sin «jubileumstale» mintes ho aktivitetane i laget, og var her første gong i 1972, da kubben var 5 år gamal. Ho mintes det gode samarbeidet med Kåre Bruset og marit Kalseth som var  dei første rådgjevarane i klubben.  Torill Sandnes mintes også oppslaget om Start 4H i Vangsgutane for 1974, som omhandla starten for 4H-klubben i Todalen. Dette tykte ho var stas. 

Ragna Kvendset hadde samla bilder frå heile 50-årsperioden og laga ein flott jubileumskavalkade. Foto: Jon Olav Ørsal

Ragna Kvendset som i dag er klubbrådgjevar presenterte Start 4Hs 50-årjubileum med ein rikhaldig bildekavalkade frå klubbens 50-årige historie – her var det mangt å minnast for klubbens medlemar og andre som har vore med o bidrege til at Start 4H har fått så godt fotfeste i Todalen.  Klubben er i dag ein av dei eldste i Møre og Romsdal som har vore kontinuerleg i drift, og vore aktiv på både fylkesleirar og landleirar.

Gjennom 50 år har klubben hatt eit svingande medlemstal og aktivitet, men no ser det ut som klubben vinn eit kraftigare fotfeste og er på veg opp frå bølgedalen – Start 4H står fram som ein livsfrisk 50-åring i jubileumsåret.

Bilde frå laurdagens haustfest og jubileumsfeiring – alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 28. oktober 2017, 18:32