Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Torvind» kom med singel og sand…

Jon Olav Ørsal Sundag 5. november 2017

Grytidleg søndag var lossinga i gang på kaia ved settefiskanlegget.  Det var MS Torvind som kom frå Herøysundet med knusagrus til Per Gjeldnes Maskin. Da vi stakk bortom kaia på føremiddagen var lossinga på det næraste ferdig.

Knusagrusen vart lasta over på dumparar. Foto: Jon Olav Ørsal

MS Torvind ved kai i Todalen – her blir knusagrusen frå Harøysundet lossa over på dumper. Foto. Jon Olav Ørsal

Knusagrusen vart lagt i store dungar i kaiområdet – sortert etter størrelse. Foto: Jon Olav Ørsal

MS Torvind kom med 1000 tonn knusagrus frå eit knuseverk i Herøysundet.  Seint laurdag kveld kom båten inn fjorden, og la til kai ved Rossåa settefisk. Knusagrusen vart lasta over i dumparar og lagt i store dungar i kaiområdet med tanke på forskjellige bruksområdet utover vinteren.  Det er iallfall ikkje farleg om det blir litt blankis utover vinteren – strøsand finns det!

Publisert: 5. november 2017, 11:28