Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Helgemesse i Todalen kyrkje

Jon Olav Ørsal Torsdag 2. november 2017

Søndag feirar mange kyrkjer Allehelgensgudsteneste. Dette er ei messe med preg av både vemod og håp. – Kanskje blir den litt einsidig forstått som berre minnedag for dei vi har mista siste året, seier Torbjørn Brøske, som skal leie gudstenestene i Stangvik, Todalen og Åsskard. – Dagen dei gamle kalla Helgemesse, er jo ei høgtid mynta på heile kyrkjelyden, understrekar han. Brøske gjer for tida teneste ved Sjømannskyrkja på Gran Canaria, men er på heimebane denne helga. – I Todalen kyrkje blir gudstenesta søndag kl 14.00.

I tillegg til å vera ei vanleg gudsteneste inneheld messa ei kort minnestund, der konfirmantar tenner lys for dei som har gått bort. Lystenning på kyrkjegardane er også ein vanleg helgemessetradisjon. – I fleire kyrkjer i lesarkretsen deltek kor under allehelgensfeiringa.

Publisert: 2. november 2017, 12:54