«Todalsglimt frå oven» – vi er klar med ein smaksprøve
Steinar Melby har vist til fulle at han er dyktig både med filming og droneflyging. I sommar har han vore i Todalen fleire gongen for å gjøre videoopptak frå lufta. Melby har fått med seg litt av kvart og har laga ein flott demo med innslag fra dei fleste ting som er sjåverdig i Todalen. Videoen startar naturleg nok ved Nauståfossen og Kårvatn, og arbeider seg nedover bygda heilt til rododendronblomstringa i Svinvika.