Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny årstid i vente….

Jon Olav Ørsal Laurdag 22. september 2018

At brøytestikkene kjem på plass er eit sikkert tegn på at ei ny årtid er i emning. I dag kunne vi observere at Rolf Ove Røv frå Teigans Maskinstasjon sørga for at nye brøytestikker kom på plass på fylkesvegane rundt heile bygda.  – Når det attpå til er nysnø i Skjeringfjellet og Snøfjellet så er det iallfall ikkje tvil.

Det er forøvrig meldt grisvêr heilt fram til neste helg, og da kan vi vel vente oss meir snø på toppane etter kvart. Det er berre ei veka att av september, og da er det nok naturleg at den nye årstida kryp innpå.

Publisert: 22. september 2018, 12:48