Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

…og skogen vart til flis!

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. september 2018

Vegarbeidet i Brusetmelan går sin gang – no er det full fart med flising av skogen både på øversida av vegen mot Hjellen, og den skogen som er felt på nersida av vegen mot elva, for å gje plass til vegarbeidet. Det er ein spesialbil frå Mesta som sørger for flisinga, og flisa går rett opp i ein kontainer som går til dyrestrø i området her.

Avskoginga gikk unna for Åge Vingsnes, Pål Hatlebakk og Geir Haugen frå Mesta. Foto. Jon Olav Ørsal

Den store flishoggaren tek tre opp til 90 cm i diameter, og ved full drift har den kapasitet på rundt 100 m3 i timen. I ein slik kontainer er det plass til rundt 35 m3, så her kan ein fylle tre kontainere pr time ved full drift.

All skogen skal bort på øversida av vegen, innover til Hjellavegen. Foto: Jon Olav Ørsal

Etter at flisinga er ferdig skal det bygges ei omkjøring ved Hjellavegen, så er det til slutt klart for montering av rekkverk. Rekkverket skal også på plass før det blir vinter og vinterfør.

 

Publisert: 25. september 2018, 13:13