Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Talgø MøreTre – Aukar lagringsarealet med 12.000 m2 på Syltøran

Jon Olav Ørsal Torsdag 27. september 2018

I dag starta asfaltarbeidet på den nye lagerplassen på Talgø MøreTre i Surnadal. Dei siste par åra har det vore jobba med å fylle opp plassen bak Hageland- og Byggmakkerbutikkane med tanke på bruk som lagerplass.  Det skal legges tre lag – først eit penetreringslag som er pukk med eit lite lag asfalt, så eit lag med AGB-asfalt og til slutt eit lag med spesiell slitesterk og stabil asfalt på toppen. Den jobben blir utførst av Veidekke.

Men det har vore mykje jobb i forkant av asfaltlegginga. I fjorsommar gikk lastebilane i skytteltrafikk med stein til oppfylling av heile tomta. Her gikk det med 30-40 tusen kubikk, som vart frakta ned frå vegbygginga ved trollheim Trafostasjon i Øvre Surnadal. Med steinfylling på rundt 1 meter, samt et lag med pukk på rundt 30 centimeter og no til slutt 3 lag med asfalt på til saman 10 cm så blir det mykje arbeid. Dei siste par vekene har Erik Magne Ranes frå E. M. Ranes AS gjort unna finpussen med å jamne til heile den 12.000 m2 store plassen med pukk og klargjort til asfaltlegginga.

Inge Skogheim har vore prosjektleiar og stått for planlegginga, medan Erik Magne Ranes har gjort finpussen og klargjort til asfaltering. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er Inge Skogheim frå Ing. Skogheim AS som har vore prosjektleiar for dette prosjektet, og han fortel at det er veldig viktig å kvalitetssikre dette arbeidet, slik at dekket blir stabilt med tanke på lagring av materialer og trafikkering av tunge gaffeltrucker.  Berre sjølve asfalteringa her vil koste rundt 3,5 mill. uten merverdiavgift, og for å sette fleire dimensjonar på dette så blir det i dag lagt ut rundt 800 tonn med asfalt – dette rekker ikke til heile plassen, men arbeidet vil fortsette etter helga – ei lita veke går nok med før asfaltarbeidet er ferdig. 

Publisert: 27. september 2018, 12:59