Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9038 artiklar i dette arkivet.


Strikkekaffe på laurdag – kjem du?

Dordi Jorunn Halle Fredag 1. mars 2019

Todalen sanitetsforening inviterer til Fredrikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 2. mars i tidsrommet 13.00 – 16.00. Her er alle velkomne til sosialt samvær med eller utan handarbeid.


Surnadalsrussen med vellukka revyforestilling

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. februar 2019

Torsdag kveld har det vore premiere for fullsett sal i kulturhuset, der russerevyen «På rett plass til rett tid» hadde den første av 3 forestillingar. Surnadalsrussen 2019 fikk mykje velfortent skryt for revyoppsettinga, der dei viste eit godt og variert revyprogram for eit begeistra publikum. Det blir to forestillingar til – fredag 1. mars kl. 19.00 og laurdag 2. mars kl. 17.00. – Det er enno att billettar til begge forestillingane, og vi anbefaler å ta turen til kulturhuset på revy. Men dersom du vil sikre deg billett, så må du ikkje vente for lenge!


Fredag og laurdag blir det sal av fastelavnsris.

Dordi Jorunn Halle Onsdag 27. februar 2019

Førstkomande søndag, 3. mars, er det fastelavn, og til fastelavnssøndag skal det etter tradisjonen pyntast med fastelavnsris. Todalen sanitetsforening vil selje pynta ris fredag 1. og laurdag 2. mars framfor Hals. Sal av fastelavnsris er ei viktig inntektskjelde for Norske Kvinners Sanitetsforening både lokalt og sentralt. Mykje av pengane som kjem inn, blir mellom anna brukt til forskning på kvinnehelse. NKS gir kvart år heile 10 – 12 millionar kroner til forskning!



Talgø MøreTre: Bygger ny lagerhall på nesten 3400 m2

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. februar 2019

Den som har trafikkert i området Syltøran og Industrivegen har sikker observert store stålkonstruksjonar som kjem til værs på den nyasfalterte lagerplassen. Det er Talgø MøreTre som bygger nytt plukklager for sin MøreRoyal-kolleksjon.  Den nye lagerhallen er på 84 x 40 meter, og ruver godt i terrenget når du passerer ned til Syltøran stadion med […]


Nei da, det er ikkje oppstart for Todalsfjordprosjektet!

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. februar 2019

Det var mange gule bilar i Svinviktunellen og på parkeringsplassen ovafor Svinvika, men det var ikkje oppstart på Todalsfjordprosjektet det dreide seg om. Det var rett og slett kontroll og ettersyn av Svinviktunellen som foregikk, og det arbeidet vil nok pågå ei stund utover dagen. I sambande med dette arbeidet kjøres det ledebil gjennom tunellen for […]


Filmkveld med historisk sus

Jon Olav Ørsal Onsdag 27. februar 2019

Todalen historielag fylte ungdomshuset med eit historieinteressert publikum tysdag kveld. Det var folk både frå Todalen og lengre unna som er historieinteressert og det er godt oppmøte på arrangementa til historielaget. Denne gongen var det filmkveld, og det vart vist historiske glimt med stor variasjon – men først og fremst var det todalsfurua – eller todalstolla – som var i fokus. Svein Åge Saksen viste filmsnuttar, med egne opptak som var frå 80- og 90-talet. Veldig artig å sjå att dette, som no er verdifull historisk materiale.


Erik klar for VM i Sveits i mars!

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. februar 2019

NSF Randonee har gjort sine uttak til randonee-VM som går i Villars Sur Ollon i Sveits, og det er no klart at Erik Kårvatn som representerer Todalen I.L. er teken ut til å representere landslaget i juniorklassen, saman med Edvard Sætran Solli frå Torvikbukt I.L. Dermed får Nordmøre to representantar i årets VM som går i tidsrommet 9. – 16. mars 2019.



SJFF minner om årsmøtet

Jon Olav Ørsal Måndag 25. februar 2019

Surnadal Jeger og Fiskerforening minner om årsmøtet som arrangerast torsdag 28. februar kl 19.00, på Thon Hotel Surnadal.  På agendaen står vanlege årsmøtesaker.  Etter at årsmøtet er avslutta, byr SJFF på enkel servering og litt underhaldning.


Ruskver og regn, men tur blir det likevel!

Dordi Jorunn Halle Måndag 25. februar 2019

Sjølv om det var ruskver og regn stilte heile sytten trimglade «jenter» til trimtur måndag 25. februar, og det var både godt, friskt og triveleg å vere ute på Kløvertur!


Hans Inge Klette var suveren på sprinten

Jon Olav Ørsal Sundag 24. februar 2019

Hans Inge Klette var det ingen som klarte å hamle opp med på søndagens NorgesCup i randonee på Kårvatn. Søndag var det sprint, med innleiande prolog og deretter finaler. Dagens raskeste var altså Hans Inge Klette, som hadde raskeste finaletid på 3.14 – på prologen hadde han 3.18 og dermed raskeste tid både på prolog og finale i herreklassen.