Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kom til nyoppussa hønsehus i Pestua

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. juni 2019

Måndag 3. juni kom 7.500 nye verpehøner og tok plass i det nyoppussa og oppgraderte hønehuset i Pestua. Tidleg på morgonen kom dei til gards, men det tok ikkje lang tid før dei fann seg til rette i gangane og i hyllene. Dei er seks uker gamle og har vakse opp i eit like ens hus på Jæren. Dette er innsett nr 13 i Pestua, og om eit par veker er dei klare til å starte å verpe. Dei legg nok ikkje merke til at det har skjedd store endringar sia hønehuset vart tømt for både høner og utstyr på etterjulsvinteren.

Hønene kom direkte med bil frå Jæren om natta og var i Todalen måndag morgon. Foto: Jon Olav Ørsal

Vi rakk akkurat å betale siste avdraget på det gamle hønehuset, og fekk akkurat ein månad utan avdrag på lån, før vi investerte rundt 3 mill. i nytt utstyr og i renoveringa av tak og veggar for å legge om til frittgåande høner, fortel Anders A. Karlsen som er eigar og drivar i Pestua i dag.
Det nye utstyret er topp moderne utstyr som har nye styringssystem og mykje av det som går føre seg i det nye hønehuset kan styrast på appar på mobiltelefonen, fortel Anders. – I prinsippet er det ikkje så veldig stor forskjell på det nye og gamle utstyret, men dei nye bura har ikkje grind og så er det reir for å legge egg.

Det er montert mykje nytt og moderne utstyr. Det meste styres frå telefonen til Anders A. Karlsen. Foto: Jon Olav Ørsal

Der reira ligg så er det stille og mørkt der dei skal verpe, medan det i gangane der dei ikkje skal verpe er det mykje lys. Det skal stimulere hønene til å legge egget i reiret. Døgnet blir styrt slik at det bli like lange dagar og netter heile året. Lysdagen i hønsehuset har sine 15 timar, medan natta er på 9 timar.
Som nemnt er det installert moderne utstyr i det nye hønehuset. Mellom anna er kamera bruka til overvaking av det som skjer i hønehuset. Det er også bruka mykje lys for å styre kvar dei skal verpe og ikkje verpe. Det kan for bli litt ekstraarbeid dersom 400 høner verper utafor reiret kvar dag, slik at ein må plukke manuelt. I starten blir det nok ein del ekstraarbeid med slikt, men det bli nok betre etter kvart seier Anders.

Lokale kjendisar som har vore med på monteringsarbeidet – frå venstre Odd Harald Talgø og Aasmund L. Kvendset. Foto: Jon Olav Ørsal

Vidare skal vi no inn med fleire hakkesteinar, slik at hønene får trimma nebbet. Det skal også støs inn heilkorn, slik at dei kan trøye seg med å gå og plukke mat – det blir nok nærast som ein dessert for dem. Eller skal dei og få inn nokre høyballar og klossar som dei skal bruke i leiken.
Det er i det heiletatt lagt stor vekt på trivsel, både for hønene og for oss som skal jobbe der. Om egga blir betre og finare med nytt hønehus og frittgåande høner står det att å sjå.

Bildeglimt frå hønsehuset – alle foto: Anders A. Karlsen

Publisert: 4. juni 2019, 06:00