Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Rekordtidleg siloslått – bra avling

Jon Olav Ørsal Onsdag 29. mai 2019

Ola Kvendset har starta siloslåtten rekordtidleg i år. Årsaka til at han er så tidleg ute er at han har eksperimentert litt og satsa på sortar og frøblandingar som er ekstra tidleg på bakgrunn av fjorårets vanskelege fôrsituasjon. Tørke gjorde da at Ola fekk berre ein brøkdel av avlinga i førsteslåtten. Da var det ein god 3.-slått og innkjøpt fôr som redda situasjonen.

No har han hausta eit par ekrer med raisvingel og ei med blanding av diverse sortar og mellom anna ein del hundgras.  Desse blandingane veks fort, og ein av fordelane er at du får 4 avlingar.  Prøvar å finne sortar som er konkurransedyktige mot ugras, slik at ein unngår mest mogleg av sprøytinga.  Slike raske sortar kan ein for eksempel slå før dei kjem så langt at dei sett frø. Derasom ein unngår sprøyting vil ein få dobbel gevinst med at ein sparer dyre sprøytemidler og at ein får auka avling – sprøytemidlar hemmar nemleg veksten. 

Ola Kvendset i gang med slåmaskina Foto: Jon Olav Ørsal

Bra avling vart det og – Ola kvendset har frøvd seg fram med nye grassortar i år. Foto: Jon Olav Ørsal

 

 

 

Publisert: 29. mai 2019, 17:50