Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Historisk vandring – besøkte Husbygrenda

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. juni 2019

Det er stor interesse for lokalhistoria i Todalen, og todalingane tek godt vare på historia si. Historielaget har nærare 200-medlemar og det er mange som er aktive i arbeidet med å ta vare på historia. Todalen historielag har kvart år eit årsskrift med artiklar frå lokalhistoria, og i fleire år har laget arrangert historisk vandring i fleire av grendene. Laurdag var det Husbygrenda som stod for tur med start i kyrkja og vandring vidare til Husby og nedover att til Bekkerhagan bustadfelt, der rundt 50 personar deltok.

Den historiske vandringa starta i kyrkja, der John Moe orienterte om historia til Todalen kyrkje. Kyrkja er frå 1861, og vart bygd ut i fleire etappar fram til slutten av 1800-talet. Kyrkja vart restaurer i 1932 og har sia vore stor sett slik som ho står i dag.  I 2011 feira kyrkja 150-årsjubileum, og da var det laga bok/hefte om kyrkja og bruken av kyrkja i denne perioden. Kyrkja er mellom anna utstyrt med orgel som i si tid var ei gåve frå «Gullkongen» Fredrik Bruset. Dette har vore restaurert fleire gong og seinast no i år.

Leiar i historielaget saman med Dordi Ingeborg Finborud som fortalte om livet i Smålandsgrenda. Foto: Jon Olav Ørsal

Vidare gikk turen rundt i Smålandsgrenda, der det er både nytt våningshus og uthus i Stuå, der Carsten og Steffi Bohle bur i dag. Eller er det i dag busetnad i Husbyjeilen, Moen, Skortinn og Småland.  Elles vart tomta til skyttarhuset påvist, og skytebanen som det i dag er lite synlege restar etter. Skytebanen hadde i si tid både 100-meter, 300-meter, 400- og 600 meters bane. I dag er det berre restane etter 400- og 600-meteren som står att oppå Holå.  Vidare vart Trøbakkan påvist og husmannsplassen Bønnan vart omtala. Det er i dag ingen som sikkert veit kvar husa på Bønnan stod, men sannsynleg vis var dei på øversida av vegen slik den går i dag.

John Moe og Ragnar Halle frå historielaget fortalte om smålandsgrenda og busetnaden der. foto: Jon Olav Ørsal

Vidare gikk turen til husbygrenda, der det var stopp på vegen ved Lauvås. Her ligg også husa Haugtun, Bjørnrud og Nedbretthaugen. På Lauvås har det i nyare tid vore drive pensjonat, der Bodil var kjent for sine populære balldagar. Hallvard etablerte også eit småbruksmuseum på låven, men no er låven mest bruka til lager.  På andre sida av elva Lauvåa ligg Solvoll, Skogly og Gudvang. Dei fleste husa i Husbygrenda vart bygd i perioden 1925 og framover til 50-talet og grenda vart på folkemunne kalla «Fredrikstad» ettersom enkelte tykte det var litt bypreg der.

Gudmund Husby sørga for fyldig innføring i historikken om Husbygardane – har det kanskje budd folk heilt sia slutten av vikingtida, og det eldste huset som står i dag trur ein er frå 1580-talet eller der omkring – det er Jostustabburet.  I dag er jorda leid ut på begge husbygardane, og det er Stig Husby som eig Jostua som er bruksnr 1, og Gudmund Husby som ei Nilsstua som er bruksnummer 3.  Både bustadfeltet på Flathauann, Bekkerhagan, og husbygrenda («Fredrikstad») er skilt ut frå Husbygardane. Frå Husby er også Oddøya, Heggøyan, Peøya og Trudvang skilt ut. Men ikkje Falløya, den er skilt ut frå Bruset.

Etterpå var det kafferast på leikeplassen i Bekkerhagan, der velforeninga sørga for trekteringa. Foto: Jon Olav Ørsal

Den historiske vandreturen vart så avslutta med kaffeservering i Bekkerhagan bustadfelt – der var det Bekkerhagan vel som stod for serveringa som foregikk på leikeplassen. Der var det sjølvsagt traktering etter alle kunstens regler og det vart tid for ein lang prat og mange historiske emner vart nok diskutert rundt borda. I dag er det 6 bustader i Bekkerhagan, det det første huset kom i 77/78 og det siste for 2-3 år sia.

Bildeglimt frå kulturvandringa i Husbygrenda med Todalen historielag.  Alle foto. Jon Olav Ørsal

Først publisert: 1. juni 2019, 15:53 - Sist oppdatert: 2. juni 2019, 21:37