Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Team Otto On Tour – onsdag kom dei til Svinvika!

Jon Olav Ørsal Torsdag 30. mai 2019

Onsdag skulle Team Otto kome på overraskande besøk til Svinvika. Med ein stor lastebil med tilhengar og 5-6 varebilar med eller utan tilhengar troppa opp i Svinvika. Ut av bilane kom det eit tital personar som alle var klare for jobb. 
Det var Team Otto, med sjefen sjølv Otto Robsahm, og ein heil gjeng med handverkarar som dukka opp. – Og dei kom ikkje for å jobbe med restauranten i fjøset, men dei kom for å fikse saker og ting i bustadhuset.

Sjefen sjølv, Otto Robsahm, kanskje mest kjent som «Sinnasnekker’n» kom til Svinvika med ein gjeng handverkarar – klar for å sette i gang og jobbe. Foto Driva/Jon Olav Ørsal

Kristina hadde nemleg sendt inn ei ønskjeliste til team Otto, med ting hun kunne teke seg å få fiksa og no kom dei – heilt uventa. Da ho sendte inn ønskelista hadde ho nemleg godteke at dei kunne kome uventa og gjeve dei fullmakt til å gjera det som dei tykte det var behov for.
Det var berre det at onsdag satt Kristina og Tore Svinvik på flyet til Oslo. Dei hadde bestemt seg for å ta ein weekendtur no, før innspurten på restaurantbygginga. Dermed var det berre å informere om kvar nøkkelen var å finne til huset heime i Svinvika. Men dei var langt frå skremt, og Team Otto fekk frie hender heime i Svinvika medan dei var i Oslo.
Team Otto rykka inn i den store gardsbygninga og tok ein gjennomgang på huset for å sjå kva dei tykte som trengte å bli fiksa. Dei konkluderte med at huset var rimeleg godt vedlikehalde både utvendig og innvendig, men enkelte ting kom da likevel på blokka.

«Byggemøte» – Her har gjengen vært inne i huset og vurdert kva som kunne gjerast og diskuterer framdrifta. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Team Otta hadde berre denne ettermiddagen på seg til jobben, men det var ein effektiv gjeng som sette i gang og fekk ting unna seg. Dermed var det montert varmepumpe, montert nytt sikringsskap med automatsikringar, kjøkkenbenken fekk ein facelift og røyrleggaren oppgraderte oppvaskbenken.
Det var berre å gå på og skyte frå hofta, og sjå kor mykje vi fekk tid til, sa Otto Robsahm. – Det er utruleg kva du får til når du slepper til på denne måten.
Da vi dro frå Svinvika var det meste på plass, og Team Otto forberedte seg på å dra vidare til Trondheim på sin turne som går landet rundt.

Bildegalleri med fleire bilder frå «jobben» i Svinvika.   Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Publisert: 30. mai 2019, 19:36