Stavgang i Surnadal – tur til Årnes
Surnadal pensjonistlag melder:
Torsdag 3. september går turen til Årnes. Vi parkerer ved Jørristua.
Ta med stoler.
Vi fann 9082 artiklar i dette arkivet.
Surnadal pensjonistlag melder:
Torsdag 3. september går turen til Årnes. Vi parkerer ved Jørristua.
Ta med stoler.
Søndag var det utandørs gudsteneste i Svinviks Arboret. Vêrgudane varta opp med variert vêr og det måtte takast to pausar under gudstenesta då det regna på det meste, men etter kvart kunne både barnedåp og resten av gudstenesta fullførast. Mot slutten kika sola til og med fram og varma dei mange frammøtte. Det var liturg Kristin Strand som leia oss gjennom gudstenesta. Dagens tekst hadde Strand henta frå Matteus Evangeliet. Bernt Idar G. Bøe spela orgel/keyboard og P17 Koret bidrog med song. Dagens takkoffer gjekk til konfirmantarbeidet i Todalen kyrkje. Til slutt var det presentasjon av neste års konfirmantar.
Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 31. august frå Bruset til Hengebrua. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!
Etter ein sommar dominert av filmtørke, om ser bort ein fyrrig Knerten, kjem det endeleg fleire nye filmar på Surnadal kino denne helga.
Onsdag kveld var det G9/10 kamp mellom Grøa og Søya/Todalen på Grøa stadion. Dette var Søya/Todalen sin andre kamp i årets forkorta sesong. Spel- og resultatmessig vart denne kampen ein stor opptur i høve til første kamp mot Tingvoll.
Tysdag 25. aug. var Fjellgruppa i Surnadal pensjonistlag på tur til Nistusetra på Mogstad. Vi starta på Nistua frå Mogstad og fulgte den ganske bratte skogsvegen heilt fram til setra, som ligg fritt til under Langurda.
«På tide at vi fekk til medlemsmøte no. Det er godt å treffast og kome i gang igjen», slik ønskte Maren Ansnes vel møtt til det første medlemsmøtet i Todalen sanitetsforening sidan 3. mars.
Frå daglig leiar, Nils Håvar Øyås i Takstmann Øyås, får vi melding om at han har ledig stilling som takstmann ute no. Takstmann Øyås AS har sidan starten i 2014 vorte eit godt etablert takstfirma i regionen med eit godt omdømme. Nils Håvar fortel at dei er sertifiserte for eit bredt spekter av oppdrag, alt […]
Laurdag 29. august er det konfirmantgudsteneste i Todalen kyrkje. På grunn av koronapandemien er det begrensa plass i kyrkja. Dette inneber at det berre er konfirmantane med innbedne gjester som kan delta i gudstensta.
Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag arrangerer torsdag 27. august tur til Sjøasetervatnet.
I går spela Søya/Todalen sitt G12 lag kamp mot Eidsvåg på Søyabanen. Men allereie i dag (søndag) venta ein ny kamp mot Smøla G12 på Smøla. Så det vart ikkje mykje tid til restitusjon og kvile. Ei lang reise før kamp var nok heller ikkje ideelt for å «lade batteria» fullt ut att etter gårsdagens […]
Sanitetsforeninga inviterer til Kløvertur måndag 24. august til Tjønnmyran. Oppmøte ved Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!