Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

VM i Andorra: Erik sikra seg finaleplass, men fikk ikkje gå! – OPPDATERT

Jon Olav Ørsal Tysdag 2. mars 2021

Det vart ein litt dramatisk dag for Erik Kårvatn under randoneé-VM i Andorra.  Det gikk som smurt for Erik i både kvalifisering og semifinale, og sikra seg dermed finaleplass i dagens sprint. Men før start var det kontrollveging av ski, og da vart den eine skia til Erik funne 10 fattige gram for lett.  Dermed vart han nekta å delta i finaleheatet. 

Erik i gang med førebuing til semifinaleheatet.  Foto: GK

Tragisk, er kommentarane til faren Gudmund, som er med som lagleiar og delegert frå Norges Skiforbund.  Men dette må vi berre forhalde oss til.  Skia var vart kontrollvåge fleire gong, og den var 10 gr for lett – så ein prostest var til inga nytte. Erik blir sannsynleg vis ikkje diska, men det er ikkje avgjort kva plassering han får enno. I dag var det 29 deltakarar i klasse 18, der Erik deltok.

Erik tok det med ro og fatning, og var tross alt glad for at han fikk teste forma saman med dei aller beste i verda.  – No ser han framover, og gler seg til å gjera ein innsats under vertikalen som går komande torsdag.  I dag var Erik førstemann på toppen under semifinaleheatet under dagens sprint – det lover godt. 

Full fart i finaleheatet. Foto: GK

Vi har fått nokre bilder frå dagens happening i VM-bakken – Klikk deg inn på galleriet nedafor –  Alle foto: Gudmund Kårvatn

Publisert: 2. mars 2021, 12:00