Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Eit lite livsteikn frå Andorra

Jon Olav Ørsal Måndag 1. mars 2021

Gutane som reiste til Andorra på for å delta på VM er forlengst framme og held på og aklimatiserer seg.  Tysdag er det klar for første renn, så no finpussar dei forma og førebur seg på tøff konkurranse i tysdagens sprint.  Fra reiseleder Gudmund Kårvatn har vi fått ein liten tilstandsrapport i dag:

Arilsal sett frå høgda. Foto: Gudmund K.

Da er vi vel framme. Kom hit laurdag midt på dagen , og fekk organisert oss.  Viktig å få kjenne på snøen, så når sola begynte å takka for seg, fekk vi teke turen opp i anlegget, som startar på 1920 moh.  Også søndag vart det ein liten tur opp for å «halda kroppen i gang». Men ein må væra veldig forsiktig i slik høgde da kroppen fort blir tappa når ein ikkje er akklimatisert.

Her er det er skikkeleg vårstemning, og snøgrensa ligg høgt. Og mykje av snøen nederst er «lortåt», noko som visstnok kjem ifrå sandstøv ifrå Sahara. Men Arinsal er ein fin landsby, men verkar som at det er turisme som gjeld. Veldig bratt alle plassar. No blir det å førebu seg på første konkurransedag, som er sprint på tysdag.

Frå Arinsal – der er det bratt overalt! Foto: Gudmund K.

Først publisert: 1. mars 2021, 22:19 - Sist oppdatert: 2. mars 2021, 08:24