Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9212 artiklar i dette arkivet.


Er først ute: – Satelittstyrt slåttonn på Søyabanen

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. mai 2021

Onsdag var det montering og tilrigging av nye rotorklipparar på Onsdag var det montering og tilrigging av nye robotklipparar på Søya-bannen. I.L. Søya har investert rundt 120.000 i nytt og topp moderne utstyr som skal sørge for å klippe graset på fotballbanen.  Det er to klipparar med kapasitet på rundt 5000 m2 kvar som skal utføre jobben i sommar, fortel Kristian Ansnes, som er banekoordinator for baneanlegget og nestleiar i I.L. Søya.


Fyller grus i hola på Dalavegen

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. mai 2021

Den som har trafikkert Dalavegen blir ikkje fortaft om det er både mange, store og djupe hol på vegen.  I dag trefte vi ein gjeng som har teke spaden i eigne hender og jobba med å fylle hola på eit stykkje av vegen forbi Vestrum og Talgø gard.  Det var kampsportlinja ved Normøre Folkehøgskule som hadde avtalt med Gunnar Bøe på kommunen at dei skulle fylle litt grus før vegskrapa skal i aksjon litt seinare.


Travel tid i fjøset, men triveleg lell

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. mai 2021

For Per Åke Jakobsson og Torill Gjeldnes er det nok alt anna enn idyll no om dagen.  No i lamminga går det døgnet rundt og det har det gjort dei 2-3 siste vekene fortel Per Åke, som no ser lys i tunellen da det berre er 12-13 sauer att som skal lamme.  Men lamminga har gått rimeleg bra og med 170 lamsauer så blir det rundt 375 lam og dermed er det totalt rundt 550 dyr som etter kvart skal på fjellbeite i Sula- området.


Fint med trimtur i Gammelvegen, men…..

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. mai 2021

Det har vore mange besøk i Gammelvegen i helga – laurdag 1. mai opna  Stikk UT -sesongen med massevis av turforslag rundt omkring i hele fylket.  Men det her må vi berre seie ifrå, seier Bjørn Halle som er kårkaill i Nestua på Hjellnes og peikar på hundskitposen som ligg på vegkanten i traseen for Svinvikrunden. 


Kløvertur i Gammelvegen

Dordi Jorunn Halle Tysdag 4. mai 2021

Først måndag i mai vart det Kløvertur i Gammelvegen. Veret var godt, det var godt oppmøte og det vart ein god turdag.


Todalen Båtforening inviterer sin medlemmer til årsmøte

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. mai 2021

Todalen Båtforening inviteerer sine medlemmer til årsmøte tirsdag 18. mai kl 19:00, og det skjer på Gammelfabrikken i Brusetmarka.  På agendaen for årsmøtet står vanlige årsmøtesaker. Saker som ønskes behandlet på årsmøtet må meldes inn til styret v/formannen innen 10. mai 2021.


Ny stor lokalbank – opningsfeiringa skjedde på nettet

Jon Olav Ørsal Måndag 3. mai 2021

I dag markerte Sparebank1 Nordvest og Surnadal Sparebank at dei går saman til ein ny storbank under namnet Sparebank1 Nordmøre.  I dag skjer altså den formelle og juridiske samanslåinga, medan den tekniske samanslåinga er litt meir komplisert på grunn av at bankane har forskjellige teknisk plattformer. Dette tek det litt lenger tid for å få til å gå i lag.



Tysdag kl 18: Vårdugnad på Todalen kyrkjegard – oppdatert

Jon Olav Ørsal Sundag 2. mai 2021

Soknerådsleiar Kristian Gjeldnes inviterer til tradisjonell vårdugnad på kyrkjegarden.  Det skjer tysdag 4. mai kl 18:00.  Ta med høveleg reiskap og kom på dugnad  – blir vi mange, så er det fort unnagjort!


Kløvertur i Gammelvegen

Dordi Jorunn Halle Sundag 2. mai 2021

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 3. mai. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.


Pangstart for StikkUt-turer

Jon Olav Ørsal Laurdag 1. mai 2021

 1. mai er  startdato for StikkUt-aktivitetane over heile fylket.  Laurdag var det parkert mange bilar på parkeringsplassen til Arboretet, og det vart nok ein flying start for det flotte turmålet som Svinviksrunden er. Vi var innom og logget oss på og fikk prøve den nye og oppdaterte appen, som fungerte bra og gjorde det lettvint å logge seg på og registrere besøk. 


Klar for våronn – no kan varmen berre kome!

Jon Olav Ørsal Fredag 30. april 2021

Når standhaftig snøbyger peip rundt novene for eit par veker sia var det nok mange som heller venta på vår og varme.  På Hageland Surnadal var dei nok spendte på kva Tregde & Co hadde å by på når dei oppdaterte vêrmeldinga på yr.no.   Etter kvart har dei da funne att sola , men varmen er det berre så som så med.  Men no blir det etter kvart betre og på Hageland bugner det av både blomster, busker og planteskulevarer som berre ventar på å få seg ein ny heim i ein eller anna hage på «indre».