Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ny stor lokalbank – opningsfeiringa skjedde på nettet

Jon Olav Ørsal Måndag 3. mai 2021

I dag markerte Sparebank1 Nordvest og Surnadal Sparebank at dei går saman til ein ny storbank under namnet Sparebank1 Nordmøre.  I dag skjer altså den formelle og juridiske samanslåinga, medan den tekniske samanslåinga er litt meir komplisert på grunn av at bankane har forskjellige teknisk plattformer. Dette tek det litt lenger tid for å få til å gå i lag.

Frode Alnæs var konferansier, og har intervjuar han Allan Troelsen og Odd Einar Folland om samanslåinga av dei to bankane til Sparebank1 Nordmøre. (skjermdump)

Stor stas var det sjølvsagt i Kulturfabrikken der samanslåinga var feira.  Det var nok ikkje samla så mange gjestar der på grunn av koronasituasjonen, men heile seremonien vart overført på nettet, der den som ville kunne ta del i det høgtidelege programmet som vart vist digitalt. 

I Kulturfabrikken var det Annan Troelsen og odd Einar Folland som ønska velkomen til lanseringsarrangementet, og med seg på scena hadde dei Kristiansunds store sønn Frode Alnæs.  Alnes starta programmet med å intervjue Troensen og Folland om samanslåinga.  Allan Troelsen som til i dag har vore banksjef i Surnadal Sparebank blir ny sjef for den nye storbanken, medan Odd Einar Folland går av med pensjon etter kvart.  Han blir med vidare eit år i ei rolle som ein slags rådgjevar.  Dei to fortale om samanslåinga og kor viktig det var å samle kreftene i ein storbank, med tanke på evne til å handtere store framtidige prosjekt på ein forsvarleg måte.

Henning Sommero og Frode Alnæs framførte Nordmørsminne. (skjermdump)

Frode Alnæs hadde med seg gitaren, og hausta applaus for songen sin «Så lei, så lei».  Underveis var det også videohelsingar til den nye storbanken – Sigrid Velteleseter Bøe starta, medan både nasjonale og lokale kjendisar fortsette – og slutta med Therese Johaug.  Elles var sjølvsagt ordførarane på banen med gratulasjon – Margrete Svinvik helsa frå Surnadal og Kjell Neergaard frå Kristiansund. Før spørsmålsrunden var det musikalsk innslag med Henning Sommero som fram førte Nordmørsminne av Hans Hyldbakk, og han fikk med seg Frode Alnæs på gitar. 

Slik ser logoen til «nybanken» ut.

I spørsmålrunden var første spørsmålet om vi får ha med oss vårt eige kontonummer vidare når bankane no vert slegne samman.  Her ga Troelsen ei klart svar at alle får med seg sine kontonummer vidare i nybanken.  Når det gjeld mobilbank, så har dei to bankane forskjellige system, så der må kundane frå Surnadal etter kvart skifte til nytt system i løpet av hausten.  Ellers var det spørsmål om det var nokon endring på f.eks. lånevilkår med disse vil fortsette som før, vart det fortalt. 

Heilt til slutt på arrangementet var det Frei barnekor som var i elden, og fekk med seg både banksjefane og konferansieren som forsterkning.  Etterpå var det pressekonferanse som gikk både digatalt og «analogt» der pressen fekk litt meir faktapåfyll frå dei to banksjefane.  

Avtroppende Odd Einar Folland og påtroppende Allan Troelsen. (skjermdump)

Lokal kjendis med videohelsing – Lars Løseth (skjermdump)

Lokal kjendis med videohelsing – Terje Talgø (skjermdump)

Henning Sommero framførste Nordmørsminne av Hans Hyldbakk. (skjermdump)

Publisert: 3. mai 2021, 14:22