Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Er først ute: – Satelittstyrt slåttonn på Søyabanen

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. mai 2021

Onsdag var det montering og tilrigging av nye robotklipparar på Søya-bannen. I.L. Søya har investert rundt 120.000 i nytt og topp moderne utstyr som skal sørge for å klippe graset på fotballbanen.  Det er to klipparar med kapasitet på rundt 5000 m2 kvar som skal utføre jobben i sommar, fortel Kristian Ansnes, som er banekoordinator for baneanlegget og nestleiar i I.L. Søya.

I dag vart dei to nye robotklipparane køyrt i gang på Søyabanen. Frå venstre Simen Dønheim frå Eiksentret, Kristian Ansnes frå I.L. Søya, Fredrik Erichsen og Oddmund Ihle frå Husqvarna. Foto: Jon Olav Ørsal

At det monteres robotklipparar er forsåvidt ikkje noko nyheitsbombe, men klipparar som opererer uten nedlagt styretråd og som er satelittstyrt og styrt etter kartet er siste nytt på plenklipparfronten.  Det er faktisk så nytt at Søyabanen er mellom dei første som har slik utstyr, og i dag var det folk frå Husqvarna oppmøtt for å kjøre i gang ustyret, og for å drille mannskapet på Eiksentret som er lokal forhandlar for slikt utstyr. 

Robotklipparar er ikkje noko nytt, for alt på midten av 1990-talet kom dei første robotklipparane på marknaden. Både utstyr og programvare har sjølvsagt opplevd ei stor utvikling fram til i dag, men felles for alle har vore at dei har vore avhengig av nedlagt styretråd for å kunne gje styresignal til robotane. Klipparen står i trådløs kontakt med ein basestasjon i klubbhuset som har kontakt med satelittane via ei antenne på taket av klubbhuset. 

Her køyrer Simen Dønheim klipparen og setter avgrensing for kvar roboten skal klippe. Tilsammen skal dei to robotane klippe dei 7000 m2 på banen, men har egentleg kapasitet til litt meir. Foto: Jon Olav Ørsal

De nye styringssystema gjør det difor veldig enkelt å installere robotklipperne som fullt ut styres frå ein app du får på telefonen din. Frå telefonen kan du kjøre klipparen og herfrå setter du punkta på kartet for å sette grenser for kvar klipparen skal kjøre.  Frå telefon kan du også programmere når klipparen skal jobbe.  Den må nemleg ta pause når det foregår trening, kamper eller anna aktivitet på fotballbanen. Men resten av tida kan klipparen være i jobb – unnateke den tida som går med for å lade batteria, fortel Oddmund Ihle og Fredrik Erichsen frå Husqvarna. 

På Søyabanen har klippinga tidlegare vore dugnadsbasert, fortel Ansnes.  -Når vi no går over til robotklipparar får vi for det første ei mykje finare grasmatte, men vi vil også frigjere 150-200 dugnadstimar som vi kan bruke til viktigare ting enn å slå plen.  Vi har plenty arbeidstimar til dugnadsgjengen fordi om baneslåtten «settes bort», gliser Ansnes.

Vi sel rundt 100 robotklipparar kvart år og gler oss til å ta i bruk det nye satelittbaserte systemet, seier Iver Magne Nes som er butikksjef på Eiksentret.  Foto Jon Olav Ørsal

Som sagt er Eiksentret av dei første som monterer ut slikt satelittstyrt utstyr.  – Vi ønskjer å være med frå starten, og kanskje heller i forkant av utviklinga, og vi har dei siste åra solgt knappe 100 robotklipparar i vårt nærområde.  No ser vi nye mulegheiter med det nye trådlause systemet som gjer heile startprosessen mykje enklare, seier Iver Magne Nes som er butikksjef på Eiksentret i Surnadal.

På taket av klubbhuset er satelittantenna for basestasjonen montert. Foto: Jon Olav ØrsaL

 

Publisert: 5. mai 2021, 15:40