Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Travel tid i fjøset, men triveleg lell

Jon Olav Ørsal Onsdag 5. mai 2021

For Per Åke Jakobsson og Torill Gjeldnes er det nok alt anna enn idyll no om dagen.  No i lamminga går det døgnet rundt og det har det gjort dei 2-3 siste vekene fortel Per Åke, som no ser lys i tunellen da det berre er 12-13 sauer att som skal lamme.  Men lamminga har gått rimeleg bra og med 170 lamsauer så blir det rundt 375 lam og dermed er det totalt rundt 550 dyr som etter kvart skal på fjellbeite i Sula- området.

Det må være godt å være kopplam i Oppistufjøset – Lars Ailo, Nils Erik og Tormund sørger for godt stell. Foto: Jon Olav Ørsal

Men no er det mykje ekstra arbeid med sauene og det er fult over alt både i fjøset og i reiskaphuset som er reserveplass når fjøset etter kvart blir overfylt.  No skal alle lamma få kvrt sitt øremerke og så er det nok mange lam som treng litt ekstra stell på grunn av sjukdom eller kanskje det har vore ein hard fødsel. 

I eit par binger er det utplassert eit tjuetal kopplam som treng litt hjelp den føste tida.  Dei får mat frå ei mekanisk mor som lagar mjølk til dei.  Dei blir nok gåande heime ei stund i sommar , seier Per Åke, og antyder at det kan bli ein tur på setra seinare i sommar.  Per Åke skryter også av borna Ylva, Nils Erik og Lars Ailo som er dyktige hjelparar no i lamminga.

I reiskapshuset har sauer og dei eldste lamma fått plass. Foto: Jon Olav Ørsal

Eit lam som er sjuk får ekstra godt stell med Nils Erik, og har fått flytta inn i varmen på vaktrommet. Foto: Jon Olav Ørsal

Familieidyll – snar bers det til Sula-området på ein lang og fin beitesesong. Foto: jon Olav Ørsal

Publisert: 5. mai 2021, 05:00