Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fint med trimtur i Gammelvegen, men…..

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. mai 2021

Det har vore mange besøk i Gammelvegen i helga – laurdag 1. mai opna  Stikk UT -sesongen med massevis av turforslag rundt omkring i hele fylket.  Men det her må vi berre seie ifrå, seier Bjørn Halle som er kårkaill i Nestua på Hjellnes og peikar på hundskitposen som ligg på vegkanten i traseen for Svinvikrunden. 

ta med hundposen heim og hiv den i søppla! Foto: Jon Olav Ørsal

Bjørn har eit klart signal til hundeeigarane om å ta med både hundskitposen og anna søppel heim og putte det i søppeldunken.  Det bør vi gjera både for eigen og andres trivsel når vi er ute på tur. 

Bjørn har også registrert at det er spor etter bålplass ved kvilebenken på toppen, og minner om at det er totalforbud mot bålbrenning no.  Her vises det faktisk at restane av bålet er sparka utom kanten og ligg i bratta nedafor.  

Ved kvilebenken er det restar etter bålplass. Utafor kanten ligg utbrente restar frå bålet. Vær oppmerksam på at det er totalforbrud mot bålbrenning i sommar! Foto: Jon Olav Ørsal

Søppel er slett ikkje noko stort problem på Svinvikrunden. Dersom alle hjelper til å halde denne trimrunden fri for søppel blir det meir trivsel for alle. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 4. mai 2021, 18:22