Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9043 artiklar i dette arkivet.


F.v.: Liv Jorunn Bævre Moe, Åse Ville Redalen og Kari Kvendset.

Saman om lefsebaking til jul i 35 år

Guro Redalen Måndag 16. november 2020

For andre var det kanskje ein vanleg måndag i november, men for Liv Jorunn Bævre Moe, Åse Ville Redalen og Kari Kvendset var det i dag på tide å brette opp bakstermane og knyte på forkleet for det som er eit av høgdepunkta i førbuingane til jul. For 35. gong var dei samla til å […]


Kløvertur til Svabu

Dordi Jorunn Halle Sundag 15. november 2020

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur 16. november i frå Talgøgarden til Svabu. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Koronatilpassa bokslepp for historielaget i år

Jon Olav Ørsal Torsdag 12. november 2020

Det er tid for nytt bokslepp med nytt årsskrift frå Todalen historielag.  Dette var tillyst i helga, men koronasituasjonen sette ein effektiv stoppar for arrangementet. Onsdag kveld var styret og skriftstyret i historielaget samla for å pakke årsskrift med tanke på alternativ distribusjon av hefta.  I staden for utlevering av årskriftet på boksleppet, får no alle medlemane som har betalt sin medlemkontingent årsskriftet i postkassen sin – de blir køyrt rundt i Todalen i helga og resten sendes med Posten. 


Trivelege Kløverturar på Nordvik

Dordi Jorunn Halle Måndag 9. november 2020

Dei to første Kløverturane i november har vore lagt til Nordvik; her er det fine turområde og mange vegar og stiar ein kan gå gode turar etter. I tillegg er det solvendt, så haust og vår er det ekstra kjekt å gå tur på Nordvik.


Kløvertur til Haltbakkan

Dordi Jorunn Halle Sundag 8. november 2020

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 9. november. Start frå Matkroken/Hals kl. 11:00. Plana er å gå frå Rabbleet og utover til Haltbakkan. Alle er velkomne til å blir med ut på tur!


Todalingen – ein forløpar til todalen.no

Guro Redalen Laurdag 7. november 2020

I oppryddinga av tidlegare praktverk (òg kjent som arbeidsbøker til ymse 4H-oppgåver …) dukka det opp ei utgåve av den svært lokale avisa Todalingen. Dette var ei avis som inneheldt lokalt stoff slik som referat frå fotballkampar, kryssord, Lailas morohjørnet, spørjespalte og intervju med sambygdingar. Kort sagt ei nyheitsperle som fleire bør få sjansen til […]


Stikk UT!-sesongen 2020 er slutt – over 2000 registrerte turar i Svinvikrunden!

Dordi Jorunn Halle Sundag 1. november 2020

Laurdag 31. oktober var siste dagen i Stikk UT!-sommarsesongen, da var det registrert 2015 besøk i Svinvikrunden; 770 fleire turar enn i 2019. I rundturen om Tjønnmyrane er det registrert 1013 besøk; nesten 400 fleire besøk enn i fjor. I Møre og Romsdal er det registrert om lag 850 000 trimturar med over 32 000 deltakarar! Det gjer at årets Stikk UT!-sesong går inn i historia som tidenes rekordår!


Kløvertur i Nordvikliene

Dordi Jorunn Halle Sundag 1. november 2020

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur måndag 2. november. Start frå Matkroken/Hals kl. 11:00. Samkjøring utover til Nordvik, personar i same «kohort» kan kjøre i lag. Turen startar frå parkeringsplassen i skogsvegen ovanfor Rabbleet. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!


Todalen sanitetsforening med interessant og opplysande helsekveld

Dordi Jorunn Halle Tysdag 27. oktober 2020

Kommuneoverlege Bjørn Buan møtte ei lydhør forsamling i Ungdomshuset måndag kveld. Han kunne slå fast at akkurat no er det kontroll på smittesituasjonen i Surnadal, men koronasmitta kjem plutseleg og uventa, og alle smitteutbrot er ulike. Det absolutt viktigaste og tryggaste er å halde god avstand i sosiale situasjonar. Så pass på meteren!


Fine haustturar!

Dordi Jorunn Halle Måndag 26. oktober 2020

Siste måndagen i oktober vart ein finversdag med sol og god temperatur. Fjella rundt oss er høge, sola er låg og skuggane lange, så ein lyt nyte dei siste soltimane. Dei tretten turgåarane fekk ein god og triveleg runde i Toåa tursti måndag 26. oktober.


Historielaget melder: Årsskrift nr 19, 2020, er sendt til trykking

Dordi Jorunn Halle Sundag 25. oktober 2020

Har du betalt medlemskontingenten for 2020?

Todalen historielag fortel at årsskriftet for 2020 for lengst er sendt i trykken, og at det blir bokslepp i Ungdomshuset søndag 15. november. For medlemmer i historielaget er eitt årsskrift inkludert i medlemskapen.


Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 25. oktober 2020

Todalen sanitetsforening inviterer til Kløvertur 26. oktober i Toåa tursti. Start frå Hals/Matkroken kl. 11:00. Alle er velkomne til å bli med ut på tur!