Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Startar sesongen 20. mai – litt på etterskot

Jon Olav Ørsal Fredag 7. mai 2021

Torsdag 20. mai opnar Svinviks Arboret for ny sesong.  Det er litt seinare enn vanleg, med rododendronblomstringa er nok litt forsinka på grunn av den siste snøen og kalde netteer i april og hittil i mai.  Men da reknar vi med å gå direkte inn i høgsesongen, seier Maja Frønes som er leiar for arboretet. 

Vi kjem nok til å endre litt på opplegget og tilpasse aktivitetane til sesongutviklinga.  Frå 20. mai til 20. juni kjem vi til å ha ope kvar dag, unnateke måndagar. Da blir det lik opningstid frå 11:00 til 16:00.  Frå 21. juni og utover  blir det nye opningstider – disse vil da bli vurdert etter kvart.

Sissel halset Storslett sørga for ein godbit til dugnadskaffeen. Foto: Jon Olav Ørsal

Kafeteriaen i arboretet vil bli open i opningstida for arboretet – når det er finvêr vil vi i størst muleg grad satse på uteservering på grunn av koronasituasjonen. I alle tilfeller kjem vi til å tilpasse serveringa etter gjeldande regelver til ei kvar tid.  Men dersom det er fleire som ønskjer å kome i lag og få guiding eller servering så er det bra om vi blir kontakta på førehand.  Ta da kontakt med Maja på telefon 913 99 452. 

Ola Halle i full gang med riva i stiane på baksida av åsen. Foto: Jon Olav Ørsal

Johan T. Hals tek ein pause i rakinga og poserer for fotgrafen. Foto: Jon Olav Ørsal

Vaktmest Ola bruset hadde med seg Ragnild Hausberg og Ann Marit Betten. Foto: Jon Olav Ørsal

Snart blir det mogne vindruer kostaterer Ann Marit Betten. Vindruene veks i drivhuset til arboretet og får nok tilgang til litt varme vinters tid. Foto: Jon Olav Ørsal

Torsdag kveld var det årleg dugnadskveld i arboretet. Det er ein lang tradisjon at Surnadal Hagelag kjem hit ein kveld før vi opnar og deltek i rydding av rusk og rask etter vintere. Slik også i år, og vi tok ein liten fotorunde i hagen som du kan sjå nedafor. 

Først publisert: 7. mai 2021, 05:00 - Sist oppdatert: 6. mai 2021, 19:44