Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vi gler oss til å ta imot dei første gjestane

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. mai 2021

På Todalshytta har det vore full aktivitet heile etterjulsvinteren, og jammen vises det både her og der at det har foregått ei vesentleg oppgradering av heile hytta – eller Phillips Lodge som Arve Evensen  kaller  kaller det. Han tykkjer det har vorte så fint her at det blir litt meir andektig å kalle det for Phillips Lodge.  Både Arve Evensen og kokken Kalle Kopponen gler seg til å opne hytta for publikum, slik at dei både får sjå kor fint det er og smake maten som Kalle har å by på.  Alt på fredag har dei tenkt å opne dørene for publikum, og inviterer på ein slags softopning så tidleg i sesongen.

Todalshytta har fått det finaste kjøkkenet eg nokon gong har jobba på, seier Kalle Kopponen som er kokk og ny «todaling» denne sesongen. Foto: Jon Olav Ørsal

Kalle på kjøkkenet er snart fullt operativ, og har lyst til å kome i gang med matlaging, og derfor vil vi opne restauranten i helga for å ta i mot dei første spisegjestane.  Det er «Kammerpike Edits spiseri som kan by på ein variert og nyutvikla meny, basert på mat laga frå botn av og vil sjølvsagt være noko for ein kvar smak.  Kalle fortel at han stortrives på det nye kjøkkenet – faktisk det flottaste han nokon gong har jobba i – og er skikkeleg motivert for å kome i gang no.  – Eg prøvar å bringe inn det beste som eg har god erfaring med og kombinere det med smakar som eg trur gjestane vil like.  Eg håpar at eg får tilbakemelding frå kundane etterkvart slik at vi kan justere både smakar og menykart etter gjestanes ønsker.  Vi har forresten tenkt på dei minste også, og har utvikla ein barnemeny. 

Frå interiøret i Kammerpike Ediths speiseri – her oser det gammel laksehistorie i veggane. Foto: Jon Olav Ørsal

Det første du treffer når du kjem inn hoveddøra er Lort Phillips bar, der det tidlegare var garderobe. Her er det kombinert resepsjon og bar, og det er her du blir teken i mot når du kjem til Todalshytta – eller Phillips Lodge.  Som sagt vil du oppdage at det er skjedd mykje sidan sist du var her.   Men sjølv om det er skjedd mange endringar så er det teke godt vare på det spesiell miljøet som er her.  Men møblane som var på gamle Todlahytta er bytta ut med nye møblar, og no er både nye spisestuemøblar  på spisestua, nye stolar og sofaer på peisestua og ikkje minst er alle senger og madrasser bytta ut på soveromma i 2. etasje.  Men som sagt er miljøet teke vare på og Todalshytta er nærare «engelsktida» enn den har vore etter at KNT tok over i 1947. 

Koselig miljø frå peisestua som har fått nye møblar og god stemning. Foto: Jon Olav Ørsal

Open restaurant den 17. mai!
Det vil bli open restaurant 17. mai, men ein tilpassa meny for nasjonaldagen.  Vi startar serveringa kl 13:00, og vi ta servering i fleire etappar – neste bordhald kl 15:00, 17:00 og siste omgang kl 19:00.  Her gjeld det å bestille bord i god tid – ring eller send melding på telefon til Arve 929 97 550 eller på epost: arve@todalshytta.no.

Elles vil vi i første omgang ha «Kammerpike Edits spiseri» ope  onsdagar, torsdagar, fredagar, laurdagar og søndagar i tidsrommet 12:00 – 21:00, og kan tilby lunch, middagsrettar, og kaffe med vaflar eller heimebakst.  Her gjeld også å besteille i god tid så vil vi gjøre vårt beste for kundane, seier Arve og Kalle til slutt.

Eit glimt frå kommerpike Edits Spiseri etter oppgraderinga som har skjedd den siste tida. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 6. mai 2021, 11:16