Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Klart for registrering av Stikk Ut!-turar på Tjønnmyran

Dordi Jorunn Halle Torsdag 13. mai 2021

Da er Stikk UT!-koden for sesongen 2021 på plass på Tjønnmyran. Stikk Ut!-kontakt i Surnadal, Norunn Holten, melder at det opna for registrering av turar i rundturen om Tjønnmyran 13. mai.

Stikk Ut!-posten er på enden av Tjønnmyran. Foto: Dordi J H

På grunn av mykje snø og sein vår er det mange Stikk UT!-turar som framleis er «vinterstengt», men no er det fint å ta rundturen om Tjønnmyran. Det er stort sett tørt og fint heile runden,-  berre ein urliten snøflekk att på stien.

Våren er ikkje komen så langt enno her – det er blakt i skogbotnen og musøyre på bjørka. Foto: Dordi J H

Dette er ein fin familietur med fine rasteplassar som ved gapahuken på Tjønnmyran. Her er det fint leikeområde, også. Og på enden av Tjønnmyrå er det fint å ta kaffipause og nyte utsikten.

I dag kunne ein på rundturen nyte lyden av fossedur, elevsus og intens fuglesong!

Fleire bilete frå 13. mai:

Fin rasteplass! Foto: Dordi J H

Utsyn mot bygda. Trudvang i høgre hjørne. Vidare utover ser ein Bjørås, Heggøyan, Brusetnesset og Ramsøya. Foto: Dordi J H

Bjøråa. Foto: Dordi J H

Kvitsymra lyser opp. Foto: Dordi J H

Publisert: 13. mai 2021, 12:29