Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No kan du booke bord på Todalshytta på nettet

Jon Olav Ørsal Måndag 10. mai 2021

No er det gjort utruleg lettvint å booke bord på Todalshytta.  Du kan no booke via PC, nettbrett eller telefon – enkelt og greit.  Etterpå får du bekrefta di bestilling pr e-post eller messenger. Enkelt og greit både for deg som er kunde og for oss på Todalshytta som tek i mot bestillinga.  Sjølvsagt kan du også bestille via telefon eller personleg frammøte – dersom du heller ønskejr det, seier Arve Evensen til Todalen.no.

Spisestua har fått eit facelift og nye komfortable møbler. Foto: Jon Olav Ørsal

I helga var det opning av restaranten på Todalshytta – softopning som Arve kalla det.  Arve Evensen er vert på Todalshytta, og det er kokken Kalle Koponen rår grunnen på kjøkkenet.  Det var mange som nytta høvet til å stikke innom for å prøve den nye menyen som dei to har utvikla og som dei no vil teste ut litt før det etter kvart blir full fart på restauranten – Kammerpike Edits spiseri som den heiter.  Restauranten er i første omgang open frå onsdag til søndag – i tidsrommet 13:00 – 21:00, men vil etterkvart bli open kvar dag. 

Booking på nettet
Dersom du vil bestille bord går du berre på linken for bestilling av bord i restauranten https://booking.gastroplanner.no/todalshytta/t .  Der med kan du berre klikke deg gjennom for å velge dato, tidpunkt og kva du vil bestille.  Helt enkelt og greit skjer dette, og etterpå så får du svar og bekrefting på bestillinga di. 

Todalshytta.no 
Du kan også gå inn på nettsida til Todalshytta – Todalshytta.no – der vil du også finne linkane, både for å bestille bord på restauranten eller om du vil booke eit opphald på Todalshytta.  Her jan du booke både laksefiske, overnatting og sjølvsagt matopplevingar.  

Roar Halten frå KNT vart imponert da han kom på besøk, og hadde med blomstergratulasjon frå KNT. Foto: Jon Olav Ørsal

KNT-sjefen vart imponert
Måndag kom KNT-sjefen på besøk – Roar Halten er dagleg leiar i Kristiansund og Nordmøre Turistforening som leiar ut Todalshytta til driftsselskapet Todalshytta AS, som skal drifte Todalshytta dei komande åra.  Halten var storleg imponert over det som har skjedd med opprusting og oppgradering av hytta som no ber eit sterkt preg av engelsptida tidleg på 1900-talet.  

Publisert: 10. mai 2021, 12:59