Kløvertur til Flathaugen
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 7. juni. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl 11:00.
Vi fann 9212 artiklar i dette arkivet.
Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 7. juni. Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl 11:00.
Asle Beck og Eirik-André Rydningen rakk akkurat å runde av friluftskonserten på bakkan framfor Todalshytta før regnet meldte sin ankomst. Det er jammen ikkje mange kveldane i løpet av sommaren at ein kan oppleve så fine kveldar, og kan nyte eit musikalsk kulturprogram som hadde høve til i kveld. Det er heilt fantastik å kunne nyte så flott musikk, og samtidig kose i sommarkvelden.
Fredag kveld kom skonnerten Ideal frå Kristiansund på besøk innovar fjordane, og gjorde snumanøver innerst i Todalsfjorden. Det var nok mange som spekulerte på kva ærende båten hadde, men vi trur at den rett og slett berre tok seg ein tur i det fine sommarvêret. Gradestokken balanserte utover dagen på rundt 30 grader i skuggen. og da var det nok godt å kome seg ut på bøljan blå og få litt avkjøling.
Asle Beck gler seg til å komme tilbake til Todalen for å holde konsert. Asle er godt kjent i Todalen og på Todalshytta etter å ha deltatt på låtskriverseminar og holdt et par konserter her. Nå tegner sommeren og høsten til å bli en travel tid for Asle, med konsert onsdag kveld og så kjøre til Todalen for å holde konsert på Todalshytta. Videre blir det kosertering hele sommeren og høsten opptreden både på fredag- og lørdagskvelder.
Riktig mange fornøgde turdeltakar var med på stavgangturen langs Åsskardfjorden første torsdagen i juni.
Torsdag kveld var det «kløppardugnad» på kyrkjegarden i Todalen. Heile kyrkjegarden vart pussa opp – først med traktorkløppar og så finpuss rundt gravstøttene, kyrkjegardsmuren og blomsterbeda.
Leveransane frå Bjøråa vassverk har vore utstibe den siste tida – seinast i går kveld var det stopp i vassleveransen ein kort periode. Vi tok ein prat med Michal Heimlund som er driftsleiar for vann og avløp i Surnadal kommune for å høre kva som foregår og kvar skoen trykkjer.
Dei to siste helgane har det vore mange tilreisande som har besøkt Todalen. Ein kan vel seie at med sommarvarmen så kom turistane, og med turistane vart også dei forskjellige turmåla aktuelle igjen. I Todalen har vi alt mykje å tilby og fleire planar er i kjømda – laksefisket i Toåa startar 15. juni.
Det var nok mange som lurte på kva som foregikk i elva ved Brusetbrua tysdag ettermiddag, der eit dusin tørrdraktkledde personar med flytevestar dreiv på i det kalde smeltvatnet i Toåa. Vi kan berre røpe det med ein gong, for det var selskapet HodeOverVann.no som sørga for at eit 10-tal Statkrafttilsett fikk opplæring i Elvesikkerheit – eller rett og slett eit aktuelt HMS-kurs for dei som jobbar ved elv eller sjø.
Stavgangsgruppa i Surnadal pensjonistlag inviterer til tur til Åsskard, torsdag 3 juni til vanleg tid kl 11. Parkering nedafor Åsskard kyrkje. Ta med stolar til kafferasten! Alle er velkomne!
Todalen sanitetsforening inviterer pensjonister i bygda, samt medlemmer i Todalen sanitetsforening til sommeravslutning i Sanitetshuset tirsdag 8. juni kl 18.30.
Vi ønsker påmelding da det blir grillmat og kaffe med noe godt til.
I samband med at Todalen skal profilerast som innfallsport til Trollheimen vil elsykkelutleie bli lansert. Utleie av elsyklar er eit delprosjekt som blir lansert i tilkyting til lanseringa av innfallsporten. Sykkelutleia tjuvsatartar alt komande laurdag, og det skjer i regi av Todalen Grendalag som skal administrere utleia den første tida – det vil kanskje ta eit par år enno før innfallsporten kjem i drift. Måndag var det mange som møtte fram da ordførar Margrete Svinvik kløpte snora og ærklærte elsykkelutlånet for opna- skuleborna hadde fått fri til å være med og mange frå sanitetsforeninga var møtt fram.