Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Turtips: innhaldsrik Todalstur for kvardag og helg

Jon Olav Ørsal Onsdag 2. juni 2021

Dei to siste helgane har det vore mange tilreisande som har besøkt Todalen.  Ein kan vel seie at med sommarvarmen så kom turistane, og med turistane vart også dei forskjellige turmåla aktuelle igjen. I Todalen har vi alt mykje å tilby og fleire planar er i kjømda – laksefisket i Toåa startar 15. juni.  

Kveldsstemning på Todalshytta – her kan du nyte maten på bakken framfor Todalshytta – med utsikt utover Todalen. Foto: Jon Olav Ørsal

Todalshytta er renovert både utvendig og innvendig. Prøv Todalshyttas restauranttilbud Edits spiseri som alt har fått mykje skryt. Foto: Jon Olav Ørsal

Men no når sesongen og aktivitetane ligg i startgropa kan vi minne om at det alt no finns aktivitetar for ein kvar interesse – ein kan faktisk starte med besøk i Svinviks arboret.  her kan du ta runden og besøke rododendronhagen, der det finns rundt 400 forskjellige slag med rododendron og så er det den nyrestaurerte frukthagen som no står i full flor.  Her er det etablert genbank for å ta vare på gamle og viktige fruktsortar.  Og ikkje minst anbefaler vi arboretets kafeteria som har mykje godt å by på.  Opningstida er onsdag til søndag – alle dagar er det ope mellom 11 og 16.

Svinviks arboret – – er du moden for ein pause etter besøk i rododendronhagen så anbefaler vi kaffeteriaen. Foto: Jon Olav Ørsal

No blomstrer det i hagen – over 400 varianter av rododendron finn i Svinviks qarboret. Foto: Jon Olav Ørsal

Etter eit besøk i arboretet er det kanskje på tide med ein matbit – her kan vi anbefale den nyopna restauranten Edits speiseri på Todalshytta. Dei byr på både middagsrettar, lunchrettar og smårettar – eller kanskje du berre har behov for ein kaffedråppe.  Restauranten har fått mykje gode tilbakemeldingar både på maten og på dei nyoppussa stuene og soveromma.  I forsesongen er Todalshytta opa onsdag til søndag i tidsrommet 13-21 eller etter avtale,  

Kårvatn med Nauståfossen i bakgrunnen. Foto: Jon Olav Ørsal

Butikken på låven – Kårvatn Fjellustyr er verdt eit besøk. Foto: Jon Olav Ørsal

Eit anna kjent turmål er Nauståfossen og butikken på låven – Kårvatn Fjellustyr.  Absolutt verdt å ta turen innom for å gjera ein handel -eller berre for å sjå.  No vår løysinga er Nauståfossen prektig.  Du treng ein halvtimes til for å gå dit til fots – eit par kilometer frå gardstunet på Kårvatn.  Abolutt verdt å få med seg når ein først er på Todalstur.  Butikken er open tysdag til laurdag 10 -16 (torsdagar til kl 19)

Og har du enno meir energi att kan det være ein ide å ta føtene fatt og prøve Toåa Tursti.  Her er det start på Bønnavollan – eit par hundre meter frå kyrkja.  Herfrå går stien nedover til Halsabrua, eller du kan stoppe på vegen og ta ein pause i gapahukane i Båthølen eller Gunnøya.  I Båthølen er det også bålpanne og svartkjel – resten må du ordne sjølv!

God tur!

Først publisert: 2. juni 2021, 10:00 - Sist oppdatert: 1. juni 2021, 19:30