Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Premiere for elsykkelutleie

Jon Olav Ørsal Måndag 31. mai 2021

I samband med at Todalen skal profilerast som innfallsport til Trollheimen vil elsykkelutleie bli lansert.  Utleie av elsyklar er eit delprosjekt som blir lansert i tilkyting til lanseringa av innfallsporten.  Sykkelutleia tjuvsatartar alt komande laurdag, og det skjer i regi av Todalen Grendalag som skal administrere utleia den første tida – det vil kanskje ta eit par år enno før innfallsporten kjem i drift. Måndag var det mange som møtte fram da ordførar Margrete Svinvik kløpte snora og ærklærte elsykkelutlånet for opna- skuleborna hadde fått fri til å være med og mange frå sanitetsforeninga var møtt fram. 

Etter snorklippinga vart det sjølvsagt ein prøvetur for ordføraren. Foto: Jon Olav Ørsal

Satsinga på sykkelutleie skjer altså i regi av Todalen grendelag, og dei 5 syklane er ei investering på mellom 130- og 140 000.  Det blir knapt 30.000 per sykkel som er finansiert gjennom det lokale næringslivet og lag og organsisjonar. Hovudponsorane for kvar av dei 5 syklane er Todalen Idrettslag, Todalen Grendalag, Talgø Møre Royal, Svorka Energi, Consto, Sparebank1 Nordmøre, Sparebank1 SMN og i tillegg har Todalen Sanitetsforening sponsa tilhengarvogna.  I tillegg er det fleire mindre sponsorar.  

Laurdag startar Todalen grendelag med utleie av syklane som blir plassert i ladestasjonen på austveggen på Matkroken. Grendalaget vil administrere dette gjennom si FaceBook-side og betaling skjer med Vipps.  I første omgang vil syklane være tilgjengelege som dagsleie, der dei blir henta og levert i ladestasjonen på Matkroken.  Leia er sett til kr 200 pr dag – med ein familierabatt ved leie av meir enn to syklar.  Når innfallsporten kjem i drift skal det vare mulig å leie elsykkel frå Kårvatn, Matkroken eller Todalskrysset, og at det skal kunne kombinerast med bruk av kollektivtrafikk og fotturar  i Trollheimen. Dette vil bli lansert seinare. 

Frå laurdag er det altså muleg å hive seg utpå og leie el-sykkel – reknar med at det blir rift om å leie syklane alt til laurdag, når tilbodet blir sett i drift. 

Der er snora kløpt og dermed er det klart for å sykkelutleige. Foto: Jon Olav Ørsal

Todalen Sanitetsforening hadde sponse tilhengarvogn. Ein toseter med plass til 2 smårollingar. Foto: Jon Olav Ørsal

Etterpå var det sjølvsagt traktering med blautkake og kaffe til heile gjengen. Foto: Jon Olav Ørsal

Liv Dalsegg måtte berre prøve sykkelen som «nybanken» Spareban1 Nordmøre hadde sponsa. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 31. mai 2021, 11:20