Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Forside Arkiv

Vi fann 9212 artiklar i dette arkivet.


Tek fram i dagen tante Kallas kunstverk.

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. juni 2021

Kalla Skrøvset var tante til Odd Skrøvset.  No har Odd fått jobben med å ta fram i dagen igjen kunsten som Kalla måla rett på veggane i Kalla-rommet på Surnadal Hotell.  Kunsten pryda nemleg veggane i rommet som låg innafor stua på hotellet, og Kalla-rommet var mykje utleid som møterom.  Men da hotellet vart bygd ut vart heile denne fløya revet for å gi plass til eit nytt og tidsmessig bygg – der mellom anna restauranten Horisonten ligg i dag. 


Todalslaks – ikkje den største men den første i år!

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. juni 2021

Da er årets første laks forlengst komen på land i Toåa – todalingen Carsten Bohle vart førstemann og det skjedde i Nedre Skjorahølen tysdag føremiddag kl 9.40.   Den kjem nok langt i frå til å bli ståande som nokon rekordlaks, men vekta stoppa på nøyaktig 3.500 gram eller rettare sagt 3,5 kg. 


Ny jaktsesong: Klart for skyteprøve i Ranheimsvingen

Jon Olav Ørsal Tysdag 15. juni 2021

Søya og Todalen skytterlag startar ny sesong med skyteprøve for storviltjakta på skytebanen i Ranheimsvingen – første kvelden er komande måndag 21. juni og så blir det 10 måndagar framover til siste kveld 23. august.  På grunn av koronasituasjonen vil det heller ikkje i år bli krav om treningsskot på skytebanen, men skyttarlaget vil likevel anbefale at jegrane skyt mest muleg og førebur seg godt til jakta. 


Varma opp til starten på laksefisket

Jon Olav Ørsal Måndag 14. juni 2021

Med visesong og god mat og drikke trøydde både vertskap og betjening tida i vente på startskotet for laksefisket i Toåa.  Det er knytta stor spenning til årets laksefiske – både på grunn av den nye ordninga med rotasjonsfiske, men også fordi det er bra innsig til kysten med mellomstor laks.  Det har vi god tru for at det lover godt for årets sesong for laksefisket, seier Arve Evensen som er vert på Todalshytta.


Stavgang i Toåa tursti i Todalen

Dordi Jorunn Halle Måndag 14. juni 2021

Surnadal pensjonistlag melder at torsdag 17. juni er det stavgang i Toåa tursti. Parkering ved Bordholmen, idrettsplassen i Todalen. Start derifrå kl. 11:00.


Mandag kveld: LAKSEÅPNING PÅ TODALSHYTTA

Jon Olav Ørsal Sundag 13. juni 2021

Ved midnatt mandag kveld, eller rettere sagt tirsdag 15. juni kl 00 smeller endelig startskuddet for årets laksefisket i Toåa.  Dette må selvsagt behørig markeres på Todalshytta, og mandag kveld fyrer vi opp grillen, åpner baren, og har hyret inn Torstein Snekvik som vil sørge for live-musikk utover kvelden.


Kløvertur i Toåa tursti

Dordi Jorunn Halle Sundag 13. juni 2021

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 14. juni.  Oppmøte ved Hals/Matkroken og start derifrå kl. 11:00.


Turstien til Snyta er ferdig «oppgradert».

Jon Olav Ørsal Sundag 13. juni 2021

Dei siste veken har det pågått dugnadsarbeid på turstien opp til Åsbøsnyta.  Det er trimgruppa i I.L. Søya og iherdige deltakarar frå Nærmiljøet på Nordvik som har lagt ned ein stor innsats for å gjøre tuyrstien betre. Det er lagt ut plankar for å gå på, og det er laga mange små grøfter for å lede vekk vatnet frå stien. 


Birøktarkurs 2021

Birøkt grip om seg – kurs i Todalen

Jon Olav Ørsal Laurdag 12. juni 2021

Anders Talgø heldt laurdag kurs for nye birøktarar. Det var seks stykke med på kurset, i tillegg til tre erfarne røktarar og ein lærling. Kurset foregjekk på Skulstuå i Todalen, og det er det første i rekkja av fleire samlingar i år.


Riktig så triveleg kveld ved Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Onsdag 9. juni 2021

Godt med folk og riktig god og triveleg stemning vart det da Todalen sanitetsforening inviterte til sommaravslutning tysdag kveld.


Stavgang frå Sunna til Rindal sentrum

Dordi Jorunn Halle Måndag 7. juni 2021

Stavganggruppa i Surnadal pensjonistlag inviterer til tur torsdag 10. juni. Turen går frå Sunna og opp mot Rindal sentrum.


Triveleg tur i nærområdet

Dordi Jorunn Halle Måndag 7. juni 2021

Sol, mild bris og akkurat passe heitt; ein riktig fin dag for kløvertur. Tur i nærområdet, men likevel nye plassar å utforske.