Bøy og tøy med pensjonistlaget
Torsdag 18. kl 1100 blir det ny time med «Bøy og Tøy» på meierisalen under leiing av fysioterapeut Oda! Og etterpå kan vi ga og drikk kaffe sammen! Arrangør er Surnadal pensjonistlag.
Vi fann 9084 artiklar i dette arkivet.
Torsdag 18. kl 1100 blir det ny time med «Bøy og Tøy» på meierisalen under leiing av fysioterapeut Oda! Og etterpå kan vi ga og drikk kaffe sammen! Arrangør er Surnadal pensjonistlag.
Laurdag var siste runde med strikkekaffe før jul, og det vart ei lita og intim samling – med og uten strikketøy. Det var ikkje så mange som møtte opp denne gongen, da det var kollisjon med andre arrangement, mellom anna julemesser som det no er aktuell tid for. men triveleg vart det lell, og dei som møtte opp hadde ei triveleg stund i Sanitetshuset.
Historielaget er i rute. Det er lenge sia det vart bestemt at det søndag førstkomande den 14. november er det bokslepp for historielagets årsskrift, som i år er nummer 20 i rekkja. Trur at vi tør å være såpass påståeleg at vi kan seie at dette er det beste årsskriftet «ever». – Det er Dordi Jorunn Halle som har vore redaktør, men det har vore fleire skribentar, og den grafiske produksjon er det Rolf Olav Nordvik som har stått for.
Todalen Idrettslag har mykje papir og materiell som har vore teke vare på oppgjennom tida. Dette «arkivet» har vore meir eller mindre uorganisert, og det har ikkje vore lagt vekt på systematisk arivering eller sortering. Arkivet har heller ikkje hatt nokon tilgang til fast og varig plassering før no når arkivmaterialet er samla på biblioteket på Surnadal kulturhus. No er det behov for å sortere materialet og finne ut kva som skal takast vare på. Til dette trengs 2-3 personar som kan gå gjennom og sortere det materialet som er teke vare på.
laurdag inviterer Todalen Sanitetsforening til ny «strikkekaffe» i Sanitetshuset på Kvennset. Strikkekaffen startar kl 13 og varer til kl 16, og er siste strikkekaffen før jul. Da bys det på triveleg samvær og utloddning – og med enkel kaffepause med noko attåt. Ta gjerne med ein liten gevinst. – Og sjølvsaget er alle velkomne – […]
Surnadal Jeger- & fiskeforening minner om innendørs skytetrening i klubbhuset på Angråmyra – det skjer kvar tysdag kl 18:00.
Tysdag var forfattarane Astrid Berit Hindhammer og Solveig Ørsal Hindhammer i Kaffekroken for å promotere og selje slektsboka si. Dei er dotter og mor som vi tidlegare har skrive om her på Todalen.no og som no altså har skrive bok om slekta si – familen som stammar frå Ørsalgeilen og som no praktisk talt er spredd over heile verda.
På Talgø er det behov for flere medarbeidere, og i dag lyses det ut 3 stillingar som skal besettes snarest: Konseptutvikler, Digital markedsfører og HR/HMS-& miljøansvarlig. To av stillingene er på Marketingavdelingen, mens den tredje er nyopprettet stilling i morselskapet Talgø Invest – alle med arbeidssted på hovedkontoret i Todalen.
I samband med bygginga av det nye impregneringsverket på Talgø MøreTre er vi etter kvart vorte vant med tunge løft for utstyr som har kome sjøvegen til Surnadal Hamn. Søndag kveld var det «Samskip Kvitnos» som «stakk innom» Surnadal Hamn med det hittil tyngsste enkeltkolli til utbyggingprosjektet. Da kom nemleg den store autoclaven (trykk-kokaren) som var på heile 53 tonn.
Mange i Surnadal kommune vil neste veke få ein SMS med tilbod om oppfriskingsdose. årsaken er at rundt om i Noregs land så aukar koronapandemien i omfang.
For å forsterke effekten av vaksinene og slik beskytte dei mest sårbare, anbefaler FHI at følgande grupper får tilbod om ei oppfriskningsdose:
I Brekklia i Brusetmarka har det dei siste par vekene vore full aktivitet i det store granfeltet som høyrer Bruset til. Det er Sollid Skog som gjennom Allskog er entreprenør, og sørger både for hogging og transport fram til veg. Rundt 2000 m3 står på hogstplana før dei gir seg, fortel Ola Dalsegg til Todalen.no.
For nokre dagar sia skreiv vi om Astrid Berit Hindhammer og mora Solveig Ørsal Hindhammer, som har skrevet slekts- og historiebok om slekta si. Tysdag 9. november kjem dei til Matkroken Todalen for å for å presentere og selje boka til interesserte todalingar.