Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Haukåbrua – snart klart for støyping

Jon Olav Ørsal Torsdag 3. mars 2022

Vi har tidlegare omtalt at arbeidet med renovering av Haukåbrua har vorte meir omfattande en ein først trudde.  Det er  Asbjørn Myrkaskog frå BMO Entreprenør, som fortel at dei no nærmar seg slutten på forskalingsarbeidet og er klare for å starte støypearbeidet.  Kanskje blir det betongarbeid alt på laurdag, dersom dei kan få betong da?

Asbjørn Myrkaskog frå BMO Entreprenør fortel at ein no er i sluttfasen på forskalingsarbeidet og klare for støypearbeidet. Foto Jon Olav Ørsal

Som sagt vart det meir arbeid enn først planlagt, og difor vil brua være stengt fram til 18. mars, og omkjøringa på nordsida av bygda vil fortsette til 18. mars – eller når arbeidet med montering av nytt rekkverk er ferdig. 

Som sagt er forskalingsarbeidet i sluttfasen, og når betongarbeidet startar så vil det bli støypt fast brakettar for montering av nytt rekkverk, før ein kan avslutte prosjektet med renovering av Haukåbrua.  Da blir Haukåbrua god som ny, og vil vare i lang tid framover, seier Myrkaskog frå BMO Entreprenør.  

Arbeidet med Haukåbrua tok litt lengre tid enn først planlagt – den skilta omkøyringa er no sett til 18. mars. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 3. mars 2022, 11:08