Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Sparebank1 Nordmøre: Stor interesse for næringslivsdagen

Jon Olav Ørsal Fredag 4. mars 2022

No er det 2 år sia det sist var arrangert næringslivsdag i bankens regi, og årets arrangement er nummer 18 i rekkja. I fjor vart det ikkje noko arrangement på grunn av pandemien, men i år blir det – og årets arrangement er etterlengta, fortel Liv Dalsegg og Ole Magnus Løwe hos Sparebank1 Nordmøre i Surnadal.

Det er ein imponerande interesse for næringslivsdagen som arrangerast i Surnadal 23. mars,  seier dei to, som saman nokre kollegar har jobba med å få til eit attraktivt og variert program – noko som passar åt alle, og med tidlegare banksjef Odd Einar Folland som konferansier.

Gjengen som står attafor «Næringslivsdagen i Surnadal» den 23. mars. Framfor frå venstre Anne Polden (Landbruksrådgjevar), Liv Dalsegg (Marknadskoordinator) og Ole Magnus Løve (Leiar Bedriftsavdelingen i Surnadal) Attafor frå venstre Espen Lund (Bedriftsrådgjevar) og Nils Langli (Bedriftsrådgjevar). Foto: Jon Olav Ørsal

– Alt no er det 60 -70 påmeldte, og det er enno 12 dagar før påmeldingsfristen går ut.  Og det er kanskje ikkje så rart, for aldri har kanskje næringslivsdagen hatt så sterkt og aktuelt program, og jammen trur vi at det er eit stort behov for å kome ut og få nye impulsar og innspel. Her kan du gå inn og melde deg påVil du vite meir om foredragshaldarane kan du klikke her

Og årets næringlivsdag blir verkeleg variert – klikkar du på linken så får du sjå heile programmet – men vi kan nemne både kjærleikssvindel, nettvett, kryptovaluta, traktorsal, undervisningsplanar, polarturisme, kledeutleie og sjølvsagt berekraft.  Dagen sluttar med Petter uteliggjar som fortel om sine 52 dagar på gata. (Her er det kanskje lut å ha med seg lommetørkle?)

Dagens høgdepunkt er kanskje utdelinga av Utviklingsprisen for 2021.  Dette er ein pris som heng høgt og er høgt verdsett. I fjor vart prisen delt ut til Sanitetskvinnene.  I år er det mange aktuelle kandidatar, men kven som får prisen held vi tett inntil brystkassa, seier Liv og Ole Magnus.

Sparebank1 Nordmøres avdeling i Surnadal. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 4. mars 2022, 16:00