Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Strikkekaffe laurdag – innsamling av ullklede

Dordi Jorunn Halle Torsdag 3. mars 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 5.mars i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!

Her kan alle møte til sosialt samvær – med eller utan handarbeid. Det blir servering av kaffe med noko attåt.

Innsamling av klede til flyktningar

På grunn av krigen i Ukraina er det venta at det kan kome ein god del flyktningar til Surnadal/Nordmøre, og det er starta ein lokal innsamlingsaksjon av Sanitetsforeningane i kommunen av ferdigstrikka ullklede for å ha i beredskap. Det er ønske om ferdigstrikka luer, vottar, skjerf og sokkar i ulike størrelsar.

Klede kan leverast i Todalen sanitetshus medan det er strikkekaffe laurdag, altså 5. mars mellom kl. 13:00 og 16:00.

 

Publisert: 3. mars 2022, 11:50