Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Røde Kors: Gi så det svir

Jon Olav Ørsal Fredag 4. mars 2022

Røde Kors mobiliserer no for Ukraina saman med Coop.  Det hastar med å kome i gang med hjelp til Ukraina – først og fremst er det pengar det er behov for, og Røde Kors har difor starta innsamlingsaksjon i lag med Coop.  For å få det til å gå fort har Coop gjeve 10 millionar til denne aksjonen, og i tillegg har dei mobilisert butikkane til innsamlingsaksjon i butikkane.

Det er enkelt og greit gjort ved at det er lagt til ein knapp på kassaappratet, der du valfritt kan gje 50, 150 eller 250 kroner som gåve til Røde Kors når du handlar på ein Coop-butikk. På Matkroken Todalen er dei alt i gang  – det der mange som har donert pengar til Røde Kors på denne måten i dag, seier Terje Nordvik ved Matkroken Todalen.

Når kunden signaliserer at han vil gje ein donasjon, så får han tilgang til å trykke på valfritt beløp og dermed bli beølpet belasta bankkortet, coopay  eller du kan betale med kontantar.  Pengane går rett til Røde Kors og vidare til humanitært arbeid i Ukraina, gjennom Ukranina Røde Kors.  Der er det eit enormt behov for humanitær hjelp i samband med krighandlingane der. 

Ein knapp er laga for at kundane enkelt kan gje pengar til Røde Kors på ein rask måte. Foto Jon Olav Ørsal

Du kan valfritt donere 50, 150 eller 250 på kassalappen – her kan du velge sjølv. Vil du gje meir trykker du fleire gong. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 4. mars 2022, 16:09