Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Saniteten: – Alle strikka for Ukraina

Jon Olav Ørsal Laurdag 5. mars 2022

Laurdag var det ny strikkekaffe i Sanitetshuset.  Det vart ein litt spesiell strikkekaffe denne gongen, for no strikka vi på oppfordring til flyktningar frå Ukraina som sannsynleg vis er like rundt hjørnet.  Da er det huver, vottar, lestar og skjerf som står på programmet, fortel Åse Redalen i Todalen Sanitetsforening til Todalen.no

Strikking og kaffekos rundt bordet i Sanitetshuset. Foto Saniteten

Og jammen var det stor iver blant dei tjuetals deltakarane som var i aksjon i dag.  Det er nok fleire som har tjuvstarta, for det var alt kome inn ein stor kasse og to bæreposar med «ferdigvarer», og meir vart det i løpet av dagen strikkekaffe.  Her var det både fine Selbuvottar og flotte huver og skjerf som er klare for innlevering – og distribusjon til flyktningane. 

Julia var med som hedersgjest i dag – ho kom for å lære seg kunsta med strikking, og da kom ho på rett plass.  For akkurat det var det mykje kompetanse på i dag og strikking vart det etter kvart. Så vellukka vart det at julia ville kome på «vidaregåande» kurs når neste strikkekaffe blir arrangert.  Men det blir nok full fart på strikkepinnane utover våren i Todalen, og det kjem nok til å bli mange varme plagg etter kvart. 

Julia kom for å lære og strikke, og da var ho på rett plass, for Dordi H. Fedje ved sia av er pensjonert handarbeidslærar frå Romsdal vidaregåande! Foto Saniteten.

Publisert: 5. mars 2022, 18:26