Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kløvertur

Dordi Jorunn Halle Sundag 6. mars 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til kløvertur måndag 7. mars. Start frå Matkroken Hals kl. 11:00. Blir du med?

Mars er første vårmånaden, men vinteren slepper ikkje taket. Kløverturgruppa legg difor opp til to turruter i morgon:

Tur til Løfta, stigen er berr og fin.

Tur etter vegen i nærområdet på Kvennset, t.d. utover til Småbåthamna og rundt om byggefeltet.

Alle er velkomne til å bli med på kløvertur!

VEL MØTT!

Måndag 28. februar var det triveleg og fin kløvertur til Todalsøra:

Frå venstre: Åse, Ester Karin, Dordi, Synnøve, Helen, Synnøve, Helga, Arndis, Jorunn. Bak kamera: Dordi Fedje.

Publisert: 6. mars 2022, 12:15