Strikkekaffe i Todalen sanitetshus
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 12. februar i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!
Vi fann 9146 artiklar i dette arkivet.
Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 12. februar i tidsrommet 13:00 – 16:00. Alle er velkomne!
Balldagen sist tysdag var ein ubetinga suksess, og det var ei klar oppfordring frå publikum om at dette må vi fortsette med, seier dei to ballgeneralane på Todalshytta, Arve Evensen og Kjell Arve Vikavoll som har spisskompetanse på ball – både sildball og potetball.
Rute 46 Kvanne – Rykkjem: Sambandet var ei stund innstilt itidlegare i kveld, men er forlengst tilbake i normal drift igjen.
Trimgruppa i Todalen I.L. arrangerte OL-kaffe i turstien søndag ettermiddag. Det vart ein stor suksess, sjøl om Klæboe ikkje innfridde forventningene om OL-medalje i Beijing. Elinor Bolme, som er leiar i trimgruppa fortalte at dei hadde servert kaffe og nystekte kanelsnurrar til 50-60 deltakarar som var møtt opp.
Samefolkets dag (sámi álbmotbeaivi) 6. februar er ein dag felles for alle samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Dagen vart feira for første gong i 1993, samstundes med at FN offisielt opna det internasjonale året for urfolk. Dagen vert feira på ulike vis i ulike lokalsamfunn, skriv nettsida wikipedia.org om temaet.
BMO Entreprenør er godt i gang med restaureringa av Haukåbrua. Som vi omtala i ei tidlegare sak så skal det skiftast lager og lages nytt rekkverk på brua. Dette arbeidet var planlagt ferdig i slutten av februar. Etter at arbeidet starta har dei oppdaga at skadeomfanget på brua er større enn dei først trudde. Det har difor vore naudsynt å ta nokre avgjerder undervegs i arbeidet, fortel Asbjørn Myrkaskog og Rolf Ivar Fure som representerer entreprenøren.
Medan Therese Johaug haustar gull i Beijing, representerer Erik Kårvatn Trollheimen Fjellsportklubb og landslaget i sprinten i Valtellina Orbie i Italia. Der det i dag vart 10.-plass på Erik.
På telefon rapporterer Erik at han er god nøgd med resultatet og seier at resultatet er på rett veg. Dagens 10.-plass er nok den beste plasseringa han har gjort internasjonalt i konkurranse med verdas beste i sin klasse.
Fredag vart det felt ei gaupe på Nordvik. Etter som vi forstår så er det hogaupa Gudrun som er felt fredag ettermiddag, ei stor hogaupe på rundt 20 kg. Dette er gaupe nummer to denne veka, etter at det vart felt ei stor hanngaupe tidlegare i Surnadal tidlegare i veka.
Det var skikkeleg tilslag både på potetballen og sildballen da Todalshytta arrangerte balldag på tysdag. I Todalen er det nok sildballen som har lengst tradisjon, men det er så hipp som happ kva som er mest populært i dag. Hos bessmor bruka alltid sildball og saltfiskball, fortel Kjell Arve Vikavoll som er ballkokk på Todalshytta, og som held ein knapp på sildballen. Det er vi enig med han i.
Surnadal Arbeiderparti melder at dei held årsmøte torsdag 10. februar i Surnadal kommunehus.
No er det full fart på ballgrytene på Todalshytta – frå kl 15 og utover er det klart for servering av både sildball og potetball med tilbehør. Da vi stakk innom i føremiddag var det full aktivitet på kjøkkenet og ikkje minst så var det rette lukta – det dufta sildball og potetball da vi var innom og helsa på kokken Kjell Arve Vikavoll.
Går du med en fabrikksjef i magan så må du svinge deg rundt og sende en søknad til Talgø Bygg AS. I stillingen som fabrikksjef får du ansvar for vår elementfabrikk. Stillingen innebærer ansvar for hele verdikjeden; fra planlegging, produksjon og frem til ferdig produkt. Vi har klare målsettinger om fortsatt vekst og satsing på nye produktområder, og som fabrikksjef vi du være sentral i fremtidig strategi og utvikling.