Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vikeplikt – no blir skiltinga rundt bygda oppgradert

Jon Olav Ørsal Fredag 25. mars 2022

Vi spekuulerte litt på kva som foregikk når Mesta troppa opp med gravemaskin og gule blinklys ved avkjøringa til Bekkerhagan og Lauvåskogan.  Men  det var ikkje meir mystisk enn at dei monterte fundament til nye skilt som skal opp  attmed vegen. 

Det blir vikeplikt i krysset mot Bekkerhagan og Lauvåskogan. Foto Jon Olav Ørsal

Det er Åge Vingsnes og Lars Arne Bøe frå entreprenøren Mesta som hadde fått jobben med å grave ned og monterte fundament til dei nye skilta som skal opp.  Fylkesvegen rundt bygda blir nemleg forkjørsveg, og dermed må det monteres skilt med «vikeplikt for forkjørsveg» ved alle sidevegar rundt bygda.  Det har vel meir eller mindre vore praktisert før og kanskje, men no er det iallfall ikkje nokon tvil – no må du vike for trafikken etter fylkesvegen rundt bygda.

No skal dei to montere alle fundamenta, og så blir neste trinn i prosessen å montere vikepliktskilta, og det prosjektet vil vel bli fullført i løpet av sommaren forsto vi.  

I løpet av våren og sommaren skal det monterast nye vikepliktskilt i alle kryssa mot fylkesvegen rundt bygda. Det blir altså ingen tvil om kvar det er vikeplikt. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 25. mars 2022, 11:14