Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

No feller hjorten sine gevir

Jon Olav Ørsal Fredag 25. mars 2022

Er du heldig så kan du no finne gevir som hjortane har felt.  Kristian Gjeldnes var ute på trimtur til Hyllå (Eller Ja-benken om du vil) og fann da eit flott gevir i ekkerkanten innafor Husby.  

Det er no rette tida for at hjorten feller fjorårsgevira, og gjer seg klar for at det skal vekse fram nye gevir som er «klare til bruk» for neste sesong for å markere «manndomen»  i brunsttida.  Nye gevir vil nok starte å vekse fram med ein gong, og vil nok den første tida være bastkledde. 

No kan du nok finne nyfelte gevir både i skogen og rundt ekkerkantane  – har du hund, så kan det nok være til god hjelp med ein skikkeleg nase for å finne dem.  Geviret som Kristian fann hadde 5 takker og har nok tilhøyrt ein 10-takker som kan ha eit fint og staseleg gevir, sjølv om krona manglar.

Først publisert: 25. mars 2022, 13:00 - Sist oppdatert: 26. mars 2022, 08:48