Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Næringslivsdagen – Norsk Kvalitetsmat fikk Utviklingsprisen

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. mars 2022

Det var Norsk kvalitetsmat som fikk Sparebank1 Nordmøres Utviklingspris for 2021.  Prisen var delt ut under Næringslivsdagen som i dag vart arrangert i Surnadal.  Det er 21. gong at den gjeve prisen vart delt ut, ein pris som er til stor inspirasjon for næringslivet, lag og organisasjonar.  – I fjord var det Sanitetskvinnene som var heidra med prisen for sin innsats i samband med coronapandemien. 

Jon Magne Sæter heldt eit interessant foredrag om si verksemd Eiksentret Midt-Norge. Foto Jon Olav Ørsal

Det er no 2 år sia det har vore arrangert næringslivsdag på grunn av pandemien, og årets arrangement samla rundt 175 deltakarar – mest frå Nordmøre, men også meir langveisfarande deltakarar. Arrangementet diska opp med eit variert og interessant program – noko for ein kvar smak. 

Allan Troelsen, som er banksjef for Sparebank1 Nordmøre, ønska velkomen og introduserte Kathrine Mauset og Odd Einar Folland som er leiarar i kvar sin sparebankstiftelse. Vidare fortsette programmet med nettvett – med svindelfarer og nettvett i bruken av daglegdata – og sjølvsagt var vi og innom bruken av kryptoteknologi.

Sparebank1 Nordmøres næringslivsdag vart arrangert i Surnadal kulturhus. Foto Jon Olav Ørsal

Videre heldt Jon Magne Sæter et interessant foredrag om si eiga verksemd som han hadde kalla «Fra liten til større og videre til stor» – Om ambisjonar og strategi for vidare ekspansjon for Eiksentret Midt-Norge, som i dag har 11 avdelingar med tilsaman 116 tilsette og rundt 550 millionar i omsetning.  Veldig interessant å høyre korleis han tenker og ressonerer når han no planlegg å bli enda større både gjennom auka omsetning og utviding av marknadområdet. 

Elles hadde smølaværingen og lokalpatrioten Bjørn Iversen eit interessant foredrag om si verksemd i Nansen Polar Expedions, som driv verksemda si frå Smøla – og som sett fokus på varer og tjenester som produseres på Smøla. Heilt utruleg kva dei har klart å få til gjennom målretta satsing på polarturisme.  

Tema bærekraft – Sigrun Syverud frå Fjong Norge AS og bærekraftansvarleg i Sparebank1 Nordmøre, Lise Brøske. her saman med konferansier Odd Einar Folland

Ellers var det gjennom Næringslivsdagen stor fokus på bærekraft.  Her var det bærekraftansvarleg Lise Brøske som fortalte om Sprarebank1 Nordmøres arbeid foregår, og så fortalte Sigrun Syverud i Fjong Norge As om satsinga på utleie av klede, der ho argumenterte for gjenbruk av klede for å redusere ressurssløsinga vi opplever i motebransjen.  Bærekraft var også tema for Eirik Kancks foredag – han representerte UN Global Compact Norge som har kontor i Kristiansund. 

Petter «Uteliggar» Nyquist fortalte om sine 52 dagar på gata. Foto jon Olav Ørsal

Heilt til slutt var det Petter «Uteliggar» Nyquist som fortalte om sine 52 dagar på gata som uteliggar.  Eit veldig gripande foredrag som var ein tankevekkjar for ein og kvar.  Det var eit veldig lydhørt publikum som lytta til Petters historiet om livet på «gata».

Bildeglimt frå programpostane på Næringslivsdagen 2022 i regi av Sparebank 1 nordmøre.  Alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 23. mars 2022, 19:15