Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ole Kristian Stokke kjem til Surnadal og fortel korleis Guros diagnose påverkar livet

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. mars 2022

Onsdag 30. mars kjem Ole Kristian Stokke til ope møte i Surnadal demensforening og helselag.  Da vil han fortel om korleis han og kona Guro taklar kvardagen etter at ho fekk demensdiagnosen for 11 år sia.  I 2018 fekk dei to demensprisen for Møre og Romsdal på grunn av at dei har vore så opne og fortalt om korleis Guros diagnose har påverka livet deira. 

Guro og Ole Kristian fikk demensprisen for Møre og Romsdal i 2018. Her er de flankert av Rolv Sverre Fostervold, fylkesleder i Nasjonalforeningen for folkehelsen, og Rigmor Aga i Kristiansund demensforening. Foto Tidens Krav

Guro bur framleis heime, men deltek no på eit dagtilbod 3 dagar i veka.  Møtet er som sagt ope for alle, og går føre seg på kantina på Surnadal sjukeheim onsdag 30. mars kl 19.

Guro kjem frå Todalen, der forelda Lars og Eline Halle bodde i Innerbaugen, der faren var postopnar.  Ole Kristian Stokke brenn for demenssaka, og det er ei oppleving å oppleve ein slik engasjert og positiv mann, seier leiar Liv Botten i Surnadal demensforening og helselag.  Ho lokkar med gratis inngong og enkel servering

Her kan du lese plakaten – last ned PDF her

 

Surnadal demensforening og helselag er medlem i Todalen.no

Publisert: 24. mars 2022, 05:00