Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Triveleg quiz-kveld på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. mars 2022

Det var triveleg samling og bra deltaking på årets første quiz-kveld på Todalshytta fradag kveld. Knivskarp konkurranse vart det og, da det stilte 4 lag med 4 deltakarar til kveldens quizkappløp.  Knut Bergli var kveldens quizmaster, og hadde laga 50 spørsmål som laga fekk å bryne seg på. 

Knut Bergli var kveldens Quizmaster og hadde med seg Maria som sekretær. Foto Jon Olav Ørsal

Med 50 spørmål  om mange forskjellige tema vart det ein knaivskarp konkurranse, der laget «Hjørnet» gikk av med sigeren med heile 42 av 50 poeng. På dette laget deltok Knut Halset, Amund Talgø, Jo Gjeldnes og Torkjel A. Moe – og premien var eit gåvekort frå Todalshytta til vinnarlaget.

Etter konkurransen var det klart for pizzaservering. Todalshyttas kjøkken sørga for 3 slag pizza – skinke, pepperoni og 80-talspizza – alle nylaga frå bunnen.  Dette slo godt an og Arve Evensen som er vertskap på Todalshytta var godt nøgd med responsen på pizzakvelden, så det blir nok fleire slike kveldar utover våren.Quiz & Pizza

Klar for servering av pizza – frå venstre Kjell Arve, Aldona og Arve. Foto Jon Olav Ørsal

Laget Husby & Halsa vart nr 2 – namnet er nok inspiret av biletet på veggen bak. Frå venstre Jorid Ansnes, Maria Bergli, Ola Ansnes, Andreas Brøndbo og Jan Bruset. Foto Jon Olav Ørsal

Etterpå s,makte det med pizza – frå venstre Øystein Moe, Ragnhild A. Moe, John Moe og Liv Jorunn Moe. I bakgrunnen Torkjel Moe. Foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 19. mars 2022, 05:00 - Sist oppdatert: 18. mars 2022, 22:10