Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Strikkekaffe laurdag 2. april

Dordi Jorunn Halle Fredag 25. mars 2022

Todalen sanitetsforening inviterer til strikkekaffe i Sanitetshuset laurdag 2. april i tidsrommet 13:00 – 16:00. NB! Merk datoen!

Etter plana med strikkekaffe 3. kvar veke skulle det ha vore strikkekaffe laurdag 26. mars. Men på grunn av mykje koronasmitte og sjukdom er arrangementet utsett ei veke. Derfor blir det altså ikkje strikkekaffe før neste laurdag, 2. april.

Her kan alle møte til sosialt samvær – med eller utan handarbeid. Dette blir siste strikkekaffen før påske, og det blir utlodding og servering av kaffe med noko attåt.

Da er det berre å gle seg til strikkekaffe laurdag 2. april!

 

Publisert: 25. mars 2022, 12:02