Våryre sprell med 6.-klassingane som tilskuarar
Måndag føremiddag var 6.-klassingane på Todalen og Stangvik oppv3ekstsenter på todalstur – nærare bestemt i Austistua på Hala – det det var annonsert kuslepp. 42 våryre kyr og kviger vart slepte ut i sola og finvêret. Det var nok litt av eit sjokk, for vi fekk oppleve mange kåte sprell, og det var nok ikkje alle som var så spreke som dei trudde – litt stivt og sterve må ein rekne med etter eit halvår innendørs.