Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Flytta dag for arrangement – vart suksess

Jon Olav Ørsal Sundag 7. august 2022

Nordmøre gatebilklubb skulle egentleg avvikle sitt arrangement i Røtet laurdag, men håplaus vêrmelding gjorde at dei bestemte seg for å utsette arrangementet til søndag. Det vart ein ubetinga suksess, for søndag var det mellom 1500- 2000 som besøkte gatebilarrangementet – kanskje var det enda fleire.

Burning i kontrollerte former – det er faktisk ikkje rart at mange tykkjer dette er artig! Foto Jon Olav Ørsal

Det var både mykje folk og mange bilar på anlegget til gamle Wavin i Røtet.  Det må være ein perfekt plass å ha slike arrangement, og det var nok mange tykte det var stas med alle bilane som var utstillt på området.  Det var både gamle og nye bilar og publikum i alle aldrar som tykte det var artig å sjå att gamle bilmodellar som var pussa og stelt med.  Og til og med hjartet i ein gammel pnsjonist pekka litt fortar ei stund når den eine veteranbilen etter den andre stod fram på utstillingsplassen.

Vi tykkjer kanskje ikkje det er så lenge sia Volvo Amazon var stasbil, men produksjonen av Amazon var tross alt avslutta i 1970 – etter at det hadde vore produsert 670 000 bilar av modellen sia 1956.  På same måte vart det gjensyn med mange andre modeller frå «glanstida»  på 60-talet. 

Amazon 1965 – John Sogge med sin Amazon 1965 som i si tid var kjøpt mesta ny, av bestefaren Knut Sogge. Det er nok mange surnadalingar som har lært seg å rekne med hjelp av bestefar Knut! Foto Jon Olav Ørsal

Artig var det også å så at det var lage eit sikra område for burning, det ein og kvar kunne «svi av» litt  gummi i kontrollerte former.  Her var det mykje blå røyk utover dagen, og det var nok mange som nytta høvet til litt testkjøring.  Absolutt ein god ide, slik at vi slepp å treffe på «testkøyrarar» på Nordmarka og på Belemyran.

Link til gatebilklubbens Facebookside

Et lite bildegalleri viser kor stor aktivitet det var – og kor stor interesse det er for bil og bilutstyr.  Alle foto Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 7. august 2022, 15:37