Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Espen Lind – ein akustisk aften på Leikarvollen Scene

Jon Olav Ørsal Fredag 5. august 2022

No startar billettsalget! Ønsker du å sikre deg billettar til konserten med Espen Lind på Leikarvollen Scene 05. november har du moglegheita frå kl.09 i dag! (fredag). Klikk deg inn på Tikkio og sikre deg billettar no til årets konserthappening!
Treng du hjelp til å kjøpe billettar kan du ta kontakt med Edvin på 4141 6373.

Leikarvollen Scene i Bøfjorden presenterer ESPEN LIND!
Han har vunne 5 Spellemannprisar og hatt ein rekke hitlåtar i inn- og utland, og som artist har han turnert både solo og som ein del av superkvartetten Lind Nilsen Fuentes & Holm.

Espen er også å sjå på TV kvar fredag kveld som mentor på TV2’s «The Voice». No er det tid for solo intimkonsert som byr på eit gjenhør med eit knippe av Espens mest kjende eigne låtar, samt ein og annan hit han har skreve for andre superstjerner, alt ispedd anekdotar om låtane og historiar frå eit langt liv i musikken si teneste.

Fullstendig solo er han riktignok ikkje, for med seg på scena har han sin mangeårige medmusikant, den trønderske strengevirtuosen Skjalg Raaen frå Sambandet. (bandet til Åge Aleksandersen) Før Lind og Raaen entrar scena får vi stifte bekjentskap med Ingeborg Dønheim som skal framføre to songar!

Velkommen til årets konserthappening, men merk at det er unummererte sitteplassar, melder Leikarvollen Scene, som er arrangør av konserten ved dagleg leiar Edvin Nyland Nessæther som du også treffer på Epost: leikarvollen-scene@edvin1980.com eller på mobil 414 16 373.   Klikkar du på linken her får du høre og sjå ei lita videohelsing frå Espen Lind !

Først publisert: 5. august 2022, 08:00 - Sist oppdatert: 3. august 2022, 13:26