Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Svinviks arboret – fin avslutningsdag for sesongen 2022

Dordi Jorunn Halle Sundag 7. august 2022

Sommaren 2022 har vore våt og kald, men endeleg vart det ein finversdag. Det syntest vertinnene i Svinviks arboret var riktig så bra!

Ragna og Vår har hatt ansvaret for kaffedrifta i arboretet denne sommaren. Dei gledde seg over finveret og godt besøk denne siste opningsdagen for sesongen. I går hadde vore svært så stille, – ingen besøk i regnveret. Og besøkstalet denne sesongen viser ein nedgang både frå 2020 og 2021. Det er berre å håpe på betre ver og fleire hageinteresserte neste sommar.

Ragna og Vår serverte nydeleg kake og kaffe. Foto: Dordi J H

Ragna er frå Surnadal og Vår frå Todalen – båe to likte godt sommarjobben i arboretet; «Ein kjekk arbeidsplass»! Dei har så langt studert i Trondheim, men frå hausten av blir det studiar i Oslo. Ragna skal begynne på statsvitenskap, og Vår vil utdanne seg til bibliotekar.

Hagen bar preg av ein våt sommar med sleipe stiar og trappetrinn. Men dei store og flotte trea frå mange forskjellige land i arboretet imponerer – høgvaksne og ranke! Det minner litt om å vandre i ein jungel.

Store lille verden

Jørg Brunke har hatt fotoutstilling i arboretet denne sommaren med tittelen «Store lille verden». Han skriv dette om bakgrunnen for utstillinga:

«Fotografiene som er med på denne utstillingen viser nærbilder av insekter og leddyr. Intensjonen min er å vise frem små dyr i sin skjønnhet og i sine naturlige omgivelser. Samtidig vil jeg gjøre oppmerksom på at insektene er i ferd med å forsvinne.»

Spydblåvannymfe, hann. Fotograf: Jørg Brunke.

Båndpraktvannymfe, hann. Fotograf: Jørg Brunke.

Jørg Brunke bruker kun naturlys under makrofotografering, ikkje blits. Dei fleste bileta er tekne tidleg om morgonen eller om kvelden da insekta er minst aktive og lettare å fotografere.

Talet på insekt minkar på grunn av mellom anna intenst landbruk, plantevernmidlar, monotoni og klimaendringar. Han oppfordar folk til å ha eit hjørne i hagen med plass til villblomster og ugras som kan gi føde og heim for innsekt! Insekta spelar nemleg ein stor og viktig rolle for matforsyninga for oss menneske!

Bileta til Brunke er utruleg fine og viser skapningar som vi sjeldan bryr oss om.

Jørg Brunke avsluttar med ei oppfordring: «Bidra til at den store lille verden fortsetter å være stor også i årene fremover.»

Fleire bilete:

Raudflekka perlemorvinge. Fotograf: Jørg Brunke.

Apeskrekk, han ser litt pjusk ut, men frisk i toppen. Foto: Dordi J H

Frodig bambus. Foto: Dordi J H

Gjengsto ligg lunt til innunder hamrane. Kjøle fint, grønt og frodig. Foto: Dordi J H.

 

 

 

 

Først publisert: 7. august 2022, 19:01 - Sist oppdatert: 8. august 2022, 10:34