Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Tur til Steinløa

Marit Haugen Sundag 14. august 2022

Laurdag 13. august innviterte Stangvik Historielag til fellestur til den nyrestaurerte steinløa som ligg på Steinslettet, ei fin slå i øvste lia opp mot Svarrafjellet, på Østbødalssida. Den ligg omtrent rett opp for Konntrøa, det var Konntrøfolket som slo her, og det er etterkommarar etter Lars i Konntrøa som no er eigarar av grunnen der løa står.

Matrast ved løa oppi Steinslettet. Foto: Marit Haugen

Det var 13 personar som møtte opp ved parkeringsplassen nedafor bomvegen som går opp til hyttefeltet i Skeis-lia, vi fylte opp bilane og kjørte opp til øverste parkeringsplassen, før vi tok føttene fatt. Skoiddå låg langt nedi lia, «dikjåt» og bløytt var det, noko vi har vorte vante til denne sommaren. Mykje av stien til ovom Ranessetra er belagt med steinheller og tre-fjøler, medan siste delen er nymerka sti som delvis går over myrlendt terreng. Stien var godt merka, og går i eit forholdsvis flatt terreng.

Det var Bjarne Holten som tok initivativ til restaureringa, han tok kontakt med Stangvik Historielag, som har stått attom tiltaket. Han tok og kontakt med noverande grunneigar, som viste stor velvilje til prosjektet. Bjarne har fylgt prosjektet heile vegen, og har sammen med ein dyktig dugnadsgjeng fått løa i den stand ho no er. 

Vel oppe ved Steinløa. Foto: Marit Haugen

Løa er opa for alle, men i dag satt vi ute, for om skoidda låg tjukk nedafor oss, var det god temperatur, stilt og opphalde. Medan vi åt nista vår, fortalte Torbjørn Polden litt om markaslåtten i liene innover Østbødalen. Det er bratte lier her, så mykje av markahøyet vart stappa i taunett (meisar) og rulla nedover lia.  – Om nokon vil lesa meir om markaslått  m m i Søyådalen, vil eg anbefale boka «Søyådalen – Utmarkshistorie frå Eidet». –

Bjarne Holten fortalte så litt om arbeidet med restaureringa av løa. Det har truleg ikkje vore slått her oppe sia omkring år 1900, og da han fikk ideen om restaurering, var det einaste som var att meir som ein «steindunga», det var ingen spor etter hverken tak eller anna trevirke. Dette er og den einaste løa ein veit om her i distriktet som er oppbygd av stein, så det vart litt spekulering på korleis dei skulle bygga opp taket. Restaurering av murane tok det dugnadsgjengen 3 dagar å få til. Så, den 20. oktober 2018, vart det helikoptertransport av materialer, og først på sommaren i 2019 starta arbeidet med tak og delen oppe på steinmurane. Dugnadsgjengen har og rydda området framfor løa, og laga fine sitteplassar. Ein kan og gå inn i løa, og sitta der og eta nista si. Arbeidet med «Steinlø-prosjektet» er no ferdig, det einaste som står att er å rydda ein trase vidare inn- og opp lia slik at ein kan fortsette turen herifrå opp til stien som går over Svarrafjellet til Honnstadknyken.

På tur «rundt» Svarrafjellet. Foto: Marit Haugen

Sjølv om restaureringsarbeidet vart utført på dugnad, vart det ein god del kostnader til materialer og transport av desse. Prosjektet har fått tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL-midler), og elles har Sparebank 1 Nordmøre, Gjensidige, Talgø MøreTre AS og Bøfjorden Sag AS  gjeve økonomisk støtte.

Publisert: 14. august 2022, 07:49