Kløverturen måndag 19. september er avlyst
Det blir ikkje kløvertur i morgon måndag 19. september.
Vi fann 9209 artiklar i dette arkivet.
Det blir ikkje kløvertur i morgon måndag 19. september.
Laurdag ettermiddag og kveld var det massivt regnvêr og dermed flaumstore elvar. Spesielt var det mykje flaumvatn på Kårvatn – frå Vassosvatnet og innover, der det gikk langt over «alle støvelskaft». I 22-tida meldte Gudmund at dei endeleg såg konturane av at elva var i ferd med å trekke seg sakte tilbake. Siste målingane vi har frå NVEs stasjon ved Storfossen er gjort kl 21.00 laurdag kveld, og dei fortel at det på dette tidspunktet passerte heile 120,96 m3/sek dette målepunktet.
Todalen sanitetsforening har i dag motteke prisen Årets prosjekt, for sitt nyskapande samarbeid med Solveig Haglund og Helga Bele med prosjektet «Inn på Tunet». Det skjedde under Regional samling på Scandic Nidelven i Trondheim, der rundt 130 engasjerte sanitetsdamer er på plass i helga for å stake ut kursen for organisasjonen – mot 2030. Stående […]
Til tross for at regnvêret slakka på litt i føremiddag så har det i ettermiddag regna jamnt og trutt og det har ført vassføringa opp i nye høgder. På ei måling NVEs målestasjon på Storfossen no kl 17 var vassføringa kome opp i 104,5 m3/sek og det er høgste måling som er gjort i år. Grensa for 10 års flaum er forlengst passert (96,8 m3/sek
På vegen opp til lysløypa/trimløypa på Tjønnmyran er vegen no stengt på grunn av trefall. Årsaka til trefallet er at bekken som går ned ombreidd med vegen har stor vassføring, og har gravd ut såpass med masse at det har ført til trefall over vegen. Det er mykje vatn i omløp no, og elva er […]
Det siste døgnet har regnet pøsa ned – det regna godt utover fredagen, og da vi var ute for å sjå på elva i 19.30-tida var elva i fyrhushølen, bak Gammelfabrikken, slik som på biletet på framsida. Da fikk vi ikkje inn data frå vassmålaren ovafor Storfossen. No i morgontimane er data frå målaren lagt ut, og da kan vi sjå at vassføringa på dette tidspunktet var temmeleg nøyaktig 75 m3/sek. I løpet av natta har det regna jamt og trutt…
Denne helga og neste helg har biletkunstnaren Lars Gunnar Polden utstilling i Kallastuå; her er det fargerike og spennande bilete med humor, snert og djupare grunn.
I neste veke – frå 19. – 23. september – gjennomføres årets demensaksjon. I Surnadal er det Surnadal demensforening- og helselag som er arrangør, medan det i Rindal er Rindal demensforening og i Åsskard er Åsgard helselag. I Surnadal startar dei aksjonen måndag 19. september og dei næraste dagane kjem det folk på døra for å samle inn pengar. På same måte som tidlegare har Surnadal demensforening og helselag fått god hjelp av Surnadalsrussen og i år er også 10-klassen med som driv med omsorgsfag.
Dei næraste dagane er det meldt tildels store nedbørsmengder her i regionen og sørover til «søre luten». Det er gult farevarsel både for mykje regn, flaumfare og jord- og flaumskredfare. Dette vil pågå frå torsdag kveld og til laurdag kveld eller natt til søndag.
I nattens mulm og mørke har det ramla ned ei stor steinblokk uti Stranda – nærare bestem rundt hundre meter innafor rasteplassen. Steinblokka har hamna på vegkanten, heilt inn mot vegbanen, men hemmar ikkje trafikken. Det var vanskeleg å sjå kvar steinblikka var kome fra, men det er kanskje lurt for Veidekke å undersøke om […]
Todalen Elveeigarlag legg vekt på at laksegenene frå Toåa skal førast vidare. Derfor er Statkraft pålagt å ale sette ut eit antal smolt som er knytt opp mot avtalen som Trønderkraft har med overføring av ein del av nedfallsområdet til Driva kraftverk. Kvart år blir det difor drive med stamfiske til denne prosessen. Eit antal laks blir fanga og frakta til stamlakshuset ved Bjøråa, og så blir det teke genprøvar for å sikre at ein avlar vidare på laksar med ekte «todalsgener».
Veret var grått og surt, og det var yr i lufta. Men elleve turglade jenter stilte på Kløvertur til Tjønnmyran.