Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Elva stig jamnt og trutt – passerte 100 m3/sek i ettermiddag

Jon Olav Ørsal Laurdag 17. september 2022

Til tross for at regnvêret slakka på litt i føremiddag så har det i ettermiddag regna jamnt og trutt og det har ført vassføringa opp i nye høgder. På ei måling NVEs målestasjon på Storfossen no kl 17 var vassføringa kome opp i 104,5 m3/sek og det er høgste måling som er gjort i år.  Grensa for 10 års flaum er forlengst passert (96,8 m3/sek).

Bilde frå Brusetbrua – vatnet går heilt opp i garasjen på Brustad. Foto Jon Olav Ørsal

No går grensa kjapt mot 20-årsflaum, der grensa er 108,6 m3/sek.  Det har iallfall regna massivt utover ettermiddagen, så vi kan ikkje sjå bort frå at det skjer.  Yr.no varslar ein god del regn utover kvelden, og held på gult farevarsel både når det gjeld nedbør og fare for jordskred/ras.   

På Kårvatn stig vatnet – Gudmund fortel at det no er 70 cm utover Dalagjeret – mykje vatn er det også i Hesthagen og ved Vassosen 

Utover dalagjeret laurdag kveld Foto GK

 

ved Vassosen. foto GK

Innover Dalagjeret – rundt 70 cm er siste rapport frå Gudmund Kårvatn laurdag kveld. Foto GK

Publisert: 17. september 2022, 17:15